Raudt farenivå og ekstrem fare for fjellskred frå Veslemannen

NVE heva i går kveld, torsdag 5.10.17, farenivået for fjellpartiet Veslemannen frå oransje til raudt farenivå. Det inneber ekstrem fare for fjellskred frå Veslemannen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.10.2017

Bebuarar og husdyr under Veslemannen er evakuert. NVE har etter evakueringa tilført vatn i håp om å utløyse eit skred frå det ustabile fjellpartiet.

Senrale aktørar i Fylkesberedskapsrådet har hatt to møte i dag og eitt tidlegare denne veka.

NVE utarbeider dagsrapportar over utviklinga ved Veslemannen, desse finn de på NVE sine heimesider.

Riksvegen opp Romsdalen er framleis åpen, medan jernbanen er stengt.