Statsforvaltaren opphevar reguleringsplanen for Løkkemyra handelspark II i Kristiansund

Faksimile frå Norconsult sin planbeskrivelse. "Figur 3-2: Utsnitt fra norgeibilder.no med varslet plangrense."

Kommunen har ikkje vekta sakas interesser opp mot kvarandre og grunngjeve kvifor handelsområdet skal byggast ut på våtmark og myr.

Publisert 08.03.2024

Kristiansund bystyre vedtok 17. november 2022 detaljreguleringsplanen for Løkkemyra handelspark II. Planområdet ligg like aust for Løkkemyra handelspark, og i nærleiken av Kristiansund lufthamn og ei skytebane. Formålet med planen har vore å etablere arealkrevjande handel og service med tilhøyrande infrastruktur.

Handelspark på våtmark og myr

Planområdet består i dag av våtmark og myr. Det er del av eit populært natur- og friluftsområde, der det også finst raudlista fugleartar. Stabeldammen er eitt av få attverande område med våtmark og ferskvatn på Nordlandet. Naturvernforbundet var blant dei som klaga på kommunen sitt planvedtak.

Statsforvaltaren opphevar planvedtaket

Saka blei sendt frå kommunen til Statsforvaltaren som klagesak. Statsforvaltaren har slått fast at dei krava naturmangfaldlova stiller om kunnskapsgrunnlag, informasjon om kva natur- og miljøverdiar som finst på staden, er oppfylt. Bystyret i Kristiansund vedtok dermed planen med vissheit om kva verdiar som blei tilsidesett.

Samtidig har ikkje bystyret grunngjeve kvifor utbyggingsinteressene skal trumfe naturverdiane. Dette stiller plan- og bygningslova og naturmangfaldlova uttrykkelege krav om.

Opplysningane i saka gjer greie for ei rekke omsyn som talar både for og imot utviklinga planen opnar for. Det er då avgjerande at bystyret vektar desse interessene og gjer ei uttrykkeleg grunngjeving for kvifor eller kvifor ikkje utbygginga bør skje. Når dette ikkje blei gjort blei vedtaket oppheva av Statsforvaltaren og returnert til kommunen for vidare behandling.

Dokument