Statistikk 2021

Statsforvaltaren har utarbeidd statistikk over klagesakene som blei handsama i 2021. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.03.2022

Byggesaker

I 2021 handsama vi 147 klager på byggesaker. Vi gav medhald i 47 i sakene, noko som svarar til om lag 32 %. Med medhald meiner vi at klaga er tatt til følgje slik at kommunens vedtak enten er endra eller oppheva.  

Vi handsama 81 av sakene innan tidsfristen på tre månaders sakshandsamingstid. Dette svarar til 55 % av sakene. Det var 66 saker som ikkje blei handsama innan tidsfristen, og den gjennomsnittlege fristoverskridinga per sak var 32 dagar. Den gjennomsnittlege sakshandsamingstida over heile året var 90 dagar. 

Reguleringssaker

Vi handsama klage på 23 reguleringsplanvedtak, og fem av klagene blei tatt til følgje. Åtte av sakene blei handsama innan fristen på tre månader, noko som svarar til om lag 35 %. Den gjennomsnittlege sakshandsamingstida per sak var 107 dagar.