Riktig å avvise klaga på gangbrua
Statsforvaltaren stadfestar Sunndal kommunes avvising av å behandle ei klage på gangbrua ved Tredalsbrua / Hammarbrua.
Sunndal kommune innvilga hausten 2025 byggeløyve for ei gangbru som blir bygd saman med den eksisterande Tredalsbrua / Hammarbrua. Ein innbyggjar i kommunen var usamd i utforminga av brua, og klaga.
Kven kan klage?
– Det er partane i byggesaka eller andre med rettsleg klageinteresse som kan klage på byggeløyva, fortel Andreas Welle Rusten, fagleiar for justis hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Han seier at klagaren må ha ei tilstrekkeleg nær tilknyting til saka, og bli påverka av byggeløyvet i større grad enn allmenta elles for å kunne ha "rettsleg klageinteresse".
– Klagaren i saka brukar brua slik innbyggjarar og besøkande i området elles gjer, seier Rusten.
Stadfestar
Statsforvaltaren stadfestar difor at det var riktig av Sunndal kommune å ikkje behandle klaga på byggeløyvet nærare.