Reinseanlegget på Kongshaugstranda – Godkjent reguleringsplan

Illustrasjonsbilde (foto: AsplanViak)

Reguleringsplanen for det felles reinseanlegget for Sula og Ålesund kommunar er stadfesta godkjent av Statsforvaltaren.

Publisert 11.12.2023

Felles reinseanlegg

Sula og Ålesund kommunar har gjennom fleire år planlagt for eit felles avlaupsreinseanlegg. Gjennom ei rekke politiske vedtak har kommunane utgreidd ulike lokalitetar for eit reinseanlegg som oppfyller krava til sekundærreinsing. Fellesanlegget skal erstatte fleire gamle anlegg i begge kommunane.

Uro for verknadane av anlegget

Sula kommune vedtok i mai 2023 reguleringsplanen for eit fellesanlegg på Kongshaugstranda, Kvasnes. Planvedtaket blei klaga på av fem ulike klagarar.

Klagarane ønskjer ikkje anlegget til sitt nærområde. Dei er uroa for konsekvensar knytt til mellom anna tap av grunneigedom, forureining, trafikkforhold og den økonomiske belastninga anlegget vil ha for alle innbyggjarane i kommunane.

Statsforvaltaren stadfestar reguleringsplanen

- Etter å ha vurdert klagepunkta har vi stadfesta reguleringsplanen. Planprosessen har vore gjennomført i samsvar med lova sine krav. Verknadane av planen er godt utgreidde, og planen gir uttrykk for kommunens ønska utvikling, seier seniorrådgjevar Andreas Welle Rusten.

Når dei formelle sidene ved planvedtaket er oppfylt, ligg det til kommunen sjølv å avgjere kva utvikling dei ønskjer lokalt. Statsforvaltaren skal ikkje ta stilling til politiske spørsmål knytt til plasseringa av anlegget.

- Kommunen har vurdert interessemotsetnadane mellom nasjonale krav til reinsing og fare for byggestopp, og til klagarane som ikkje ønskjer anlegget i sitt nabolag. Vi er samd med kommunen i at samfunnsinteressene ved reguleringsplanen må vege tyngre enn ulempene som råkar lokalt, avsluttar Rusten.