Planen for ny E39 på Bolsønes i Molde er godkjent

Kart over området
I reguleringsplanen har kommunen særleg tatt omsyn til trafikktryggleik, mjuke trafikantar og ynskje om ein eigen gjennomgåande sykkeltrasé frå aust til vest. Foto: Statens vegvesen.

Fleire næringsaktørar i Bolsønes-området klaga på planvedtaket, som fører til store endringar for fleire bedrifter. Statsforvalataren har stadfesta kommunen si godkjenning av planen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.03.2023

Reguleringsplanen er ein del av Statens vegvesen si utbygging av ferjefri E39, den såkalla «Møre-aksen» og ny europaveg i tunell gjennom Molde sentrum. Molde kommune har tidlegare vedteke delstrekninga Julbøen – Bolsønes som ny trasé for denne tunellen, og at tunnelinnslaget i aust skal ligge i Bolsønes-området. Reguleringsplanen omfattar å bygge ein ny og stor rundkøyring, eit tunellpåslag og ein fire-felts veg i tillegg til nokre endringar av omkringliggande areal.

Store konsekvensar for næringsaktørane

Klagarane meiner at konsekvensane med den vedtekne reguleringsplanen er store og gjev uforholdsmessige negative konsekvensar for enkelte bedrifter. Planen fører mellom anna til at næringsbygget som i dag huser Wist Last & Buss og Volvo må rivast for å gjere plass til veg og tunell. Kommunen må truleg også gjere krav på deler av næringseigedomane til Felleskjøpet og Molde Auto (Auto88 og REMA 1000).

– I planprosessen skal kommunen ta omsyn til fleire og gjerne motstridande interesser. Det er opp til kommunestyret å avgjere kva for interesser som skal vege tyngst og kva som er mest tenleg arealbruk i eit område, forklarer seniorrådgjevar Therese Småland hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

– I denne saka har Molde kommune og Statens vegvesen, som har utarbeidd plana, vurdert ulike løysingar for arealbruken og gjort greie for verknadane planvedtaket får for mange av dei næringsdrivande. Desse forholda er veid opp mot dei fordelane som planen fører med seg.

Stor samfunnsmessig nytte

– Molde kommune har lagt avgjerande vekt på den store samfunnsmessige betydninga samferdselsprosjektet fører med seg. I reguleringsplanen har kommunen særleg tatt omsyn til trafikktryggleik, mjuke trafikantar og ynskje om ein eigen gjennomgåande sykkeltrasé frå aust til vest. Kommunen har vurdert at desse omsyna veg meir enn dei ulempene som plana fører med seg for dei enkelte næringsdrivande, avsluttar Småland.

Statsforvaltaren konkluderer altså med at reguleringsplanen er i samsvar med lovverket sine krav til grunngjeving og saksopplysning, og planen er no godkjent.