Oppheving av vedtak om bygging av sjeté

Giske kommune må handsame saka om utlegging av sjeté i Olmannsvika på nytt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.02.2022

Dispensasjon frå plankrav

Giske kommune har gjeve seg sjølv dispensasjon til å legge ut ein sjeté i Olmannsvika. Ein sjeté er ein mololiknande konstruksjon som skal inneramme og sikre deponerte massar. I denne saka vil sjetéen legge til rette for seinare utfylling i vika.

Området er i kommuneplanen avsett til næringsformål. Det er stilt krav om at ein reguleringsplan må vere på plass før det vert gjort byggetiltak. Det er ikkje laga ein slik plan, og kommunen søkte om dispensasjon frå dette kravet for å kunne etablere sjetéen.

Kommunen godkjente dispensasjonssøknaden, men vedtaket vart påklaga av mellom anna fleire bebuarar i området.

Manglar ved dispensasjonsvurderinga

Som klageinstans vurderte Statsforvaltaren om dei to lovfesta vilkåra for å gje dispensasjon var oppfylte. For det første må omsyna bak regelen det er søkt om dispensasjon frå ikkje bli vesentleg sett til side. I tillegg må fordelane ved dispensasjonen vere klart større enn ulempene.

Sidan området er avsett til næringsformål i kommuneplanen, kom Statsforvaltaren til at omsyna bak plankravet ikkje vart vesentleg tilsidesett.

Det gjorde seg likevel gjeldande vektige ulemper som talar for kommunen bør lage ein reguleringsplan. Sjetéen vil legge føringar for den framtidige utnyttinga av eit område der det gjer seg gjeldande både friluftslivsinteresser og naturverdiar. Gjennom ein reguleringsprosess vil kommunen få eit betre grunnlag for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av dei ulike interessene.

Statsforvaltaren kom vidare til at dei fordelane som kommunen la vekt på i si godkjenning, ikkje kunne ha avgjerande vekt. Fordelane var ikkje tilstrekkeleg relevante og tungtvegande til å kunne gi dispensasjon. Vedtaket vart difor oppheva og sendt tilbake til kommunen for ny behandling.