Opphever reguleringsplan for Løkkemyra handelspark del II
Statsforvaltaren konkluderer med at Kristiansund kommune har lagt for stor vekt på nærings- og utviklingsinteressene i området, sett opp mot omsyna til naturen og naturmangfald.
Fleire naturvernorganisasjonar og grunneigarar har klaga på planane som dei meiner får for store negative innverknader på naturmangfaldet i planområdet.
Bygger ned natur
Detaljreguleringsplanen for Løkkemyra handelspark II legg til rette for å etablere ein ny handelspark og eit mindre næringsareal aust på Løkkemyra. Planområdet omfattar i hovudsak Stabeldammen, eit viktig våtmarksområde med store naturkvalitetar. Mellom anna er åtte raudlista naturtypar og to raudlista fugleartar registrert i planområdet. Utbyggingsplanane vil føre til at dammen blir tappa ned og at området blir endra for alltid. Området ligg også innanfor eit svært viktig friluftsområde, eit av få med våtmark og ope vasspegel på Nordlandet.
Avveging av interesser
– I arbeidet med reguleringsplanar må kommunen avvege dei ulike interessene og avgjere kva for omsyn som er viktigast. Desse vurderingane må ikkje vere mangelfulle, vilkårlege eller motivert av utanforliggande omsyn, seier seniorrådgjevar hjå Statsforvaltaren, Therese Småland.
Statsforvaltaren som klageinstans skal leggje stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret når vi prøver kommunen si skjønnsmessige vurdering. Dersom nasjonale eller særleg vektige regionale interesser blir påverka av planvedtaket, skal det kommunale sjølvstyret få mindre vekt i denne interesseavveginga.
Viktig naturmangfald og raudlista arter
– Denne saka har slike interesser. Vi konkluderer med at kommunen har vekta omsynet til å ivareta viktig naturmangfald og dei raudlista artane altfor lågt sett opp mot utbyggingsinteressene, seier Småland.
Saksgjennomgangen viste at utbyggingsinteressene ikkje står særskilt sterkt. Området på Løkkemyra har i tillegg areal som allereie er regulert og til dels nedbygd, og som bør brukast opp før karbonrike naturområde vert nytta.
– Dette er i samsvar med overordna nasjonale føringar for arealplanlegging, og også kommunen sine eigne overordna strategiar. Når planvedtaket får store konsekvensar for truga artar og verdifulle areal, skal prinsippa i naturmangfaldlova bli gitt svært stor vekt.
Opphevar planvedtaket
– Oppsummert gjer det seg gjeldande svært sterke naturinteresser i planområdet, samstundes som utbyggingsinteressene ikkje har same tyngde. I planprosessen kan ein heller ikkje vektlegge at ein utbyggar allereie har kjøpt området som ei næringstomt av kommunen, da dette er eit utanforliggjande omsyn, avsluttar Småland.
Statsforvaltaren opphevar dermed vedtaket av detaljreguleringsplanen for Løkkemyra handelspark II for andre gong.