Opphevar løyve til å bygge ny og større ferjekai i Eidsdal

Statsforvaltaren opphevar Fjord kommune si løyve til å utvide ferjekaia i Eidsdal.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.10.2022

Møre og Romsdal fylkeskommune har søkt om rammeløyve for å utvide ferjekaia i Eidsdal i Fjord kommune. Utvidinga er naudsynt for å legge til rette for el-ferje. Ytterdal historiske naustlag har klaga på løyvet fordi den nye ferjekaia gir ulemper for nausteigarar i nærleiken. Dei ynskjer mellom anna ei alternativ plassering og ei anna vinkling frå land.  

Naudsynt med dispensasjon

Området i sjøen som den nye delen av kaia kjem ut i, er avsett til arealføremål som ikkje opnar for ferjekai. Statsforvaltaren konkluderer difor med at det er naudsynt å søke om dispensasjon frå arealføremålet før det kan bli gitt løyve til ferjekai. Gjeldande kommuneplan har også krav om reguleringsplan for området før ei eventuell ny ferjekai skal bli godkjent. Kommunen har ikkje behandla dispensasjon frå arealføremålet i sjø, og ikkje kravet om reguleringsplan. Dette er ikkje i samsvar med lova.

Ulemper for nausta

Kommunen må også gjere ei betre vurdering av den nye kaia si plassering opp mot dei ulempene dette får for nausteigarane i området. Statsforvaltaren har difor ikkje tatt stilling til den delen av klaga frå Ytredal historiske naustlag, sidan kommunen først må gjere denne vurderinga.  

Statsforvaltaren har sendt saka tilbake til kommunen for ei ny vurdering.

Dokument