Molde kommune må behandle plan for bustadfeltet Djupdalen Sør på nytt

Kommunen må gjere ei nærare avveging av interessekonflikten mellom vegeigarane og utbyggjaren. Statsforvaltaren opphevar difor Molde kommune sitt vedtak av reguleringsplana. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.01.2023

Saka blir no sendt tilbake til kommunen for vidare behandling.  

Reguleringsplana Djupdalen Sør legg til rette for nye bustadtomter i Djupdalen like utanfor Molde sentrum. Planarbeidet starta første gongen opp i 2012, og er fremja av Djupdalen Panorama AS.

Utfordring med veg

Statsforvaltaren har behandla klager på reguleringsplana. 

- I  hovudsak handlar klagene om vegløysinga fram til det nye bustadfeltet i Djupdalen Sør. Reguleringsplana legg opp til bruk av den eksisterande og privateigde Djupdalsvegen. Eigarane av vegen har ikkje vore interessert i å gje frå seg nødvendige rettar slik at dei nye bustadtomtene i Djupdalen Sør kan bruke vegen, fortel Andreas Welle Rusten, fagleiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Han seier Molde kommune har vedtatt reguleringsplana, men at dei ikkje har gjort ei tilstrekkeleg god avveging av interessekonflikten mellom vegeigarane og utbyggjaren.

- Ei slik vurdering er nødvendig for at grunnlaget og vurderinga bak planvedtaket skal kunne vere tilstrekkeleg, seier Welle Rusten.

Ikkje eit endeleg nei 

Statsforvaltarens rolle i slike klagesaker er avgrensa til enten å være einig i kommunens vedtak, og stadfeste det, eller å sende saka tilbake til kommunen for ny behandling.

- Vårt vedtak er difor ikkje eit endeleg «nei». Så lenge eit planvedtak ligg innanfor rammene plan- og bygningslova set, vil kommunen ha eit stort spelerom når det gjeld kva løysingar dei ser som best for utviklinga av området, seier Welle Rusten.