Krav om grunngjeven dispensasjonssøknad

Statsforvaltaren må frå tid til annan oppheve dispensasjonsvedtak etter plan- og bygningslova grunna feil i søknadsprosessen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.10.2021

Grunngjeven dispensasjonssøknad 

Plan- og bygningslova stiller krav til korleis ei dispensasjonssak skal gå føre seg. Eit dispensasjonsvedtak føreset ein grunngjeven søknad. Sivilombodet har uttalt at søkaren må levere ein spesifikk og grunngjeven søknad. Søkaren må difor vise til kva krav i regelverket søknaden ikkje er i samsvar med.

Eit nabovarsel skal gje naboane høve til å ivareta sine interesser. Det må difor gå fram av nabovarslinga at tiltaket treng dispensasjon. Dersom ein søknad er mangelfull og krev ettersending av ein ny dispensasjonssøknad, skal naboane ha varsel om den reviderte søknaden.

Vi nemner også at dispensasjonssaker ofte skal sendast til statlege og regionale mynde til uttale.  

Mangelfulle søknadar kan ikkje rettast av bygningsmyndigheitene 

Dersom ein byggesøknad er i strid med regelverket og søkaren ikkje har søkt om dispensasjon, skal søknaden avslåast eller avvisast som mangelfull. Fråværet av ein dispensasjonssøknad kan ikkje reparerast av verken kommunen under byggesakshandsaminga eller av Statsforvaltaren som klageinstans.