Godkjenner plan for utbygging nær Ørsta sentrum

Foto: Kart over Fremre Mo del 1

Fleire klaga på at Ørsta kommune vil legge til rette for å bygge fleire bustader på Fremre Mo, nær sentrum. No har Statsforvaltaren godkjent planen.

Publisert 04.09.2025

Ørsta kommunestyre vedtok områdereguleringsplanen for Fremre Mo del 1 i desember 2024. Bustadfeltet har vore under planlegging sidan 2015. Då vart arealet avsett til framtidig bustadbygging i gjeldande kommunedelplan, ved å utvide det eksisterande bustadområdet på Øvremo. 

Klaga på tap av jordbruksjord

Både grunneigarar og landbruksorganisasjonar har vore sterkt imot planane og klaga på kommunestyrets vedtak. Tap av jordbruksjord, dårlegare driftsvilkår og at planvedtaket blir gjort i strid med gjeldande jordbruksstrategiar, har vore hovudårsaker bak klagene, fortel seniorrådgivar Therese Småland hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no avgjort klaga på planvedtaket, og har stadfesta kommunestyrets vedtak. 

Vedtak på saklege omsyn 

– Vi er samd med klagarane i at planen ikkje fullt ut tek inn over seg dei nyaste styringssignala og strategiane knytt til jordvern. Omsynet til jordvern har vore tydeleg innskjerpa dei siste åra. I denne saka blei likevel arealbruken overordna sett avklart ved vedtaket av kommunedelplanen i 2015. Oppstart av områdeplanen vart formelt starta i 2017, med dei styringssignala som då gjaldt knytt til nedbygging av jordbruksjord, seier Småland. 

Ho fortel at omsynet til jordvern i denne saka er sett opp mot ønsket om samfunnsutvikling i kommunen. 

– For kommunen har det vore viktig å sikre nok areal til bustadbygging i eit relativt sentrumsnært område. Det er ei lokalpolitisk prioritering å følgje opp signala frå 2015 med å leggje til rette for å etablere gode og attraktive bustadområde. Areala i Fremre Mo del 1 inneber heller ikkje nedbygging av dei mest samanhengande jordbruksareala i området, seier Småland. 

Statsforvaltaren sin konklusjon er at planvedtaket byggjer på saklege omsyn og er gjort på eit tilstrekkeleg opplyst faktagrunnlag.