Godkjenner detaljreguleringsplanen for Moavegen 21 på Skei

Kart som viser situasjonsplan over området.
Situasjonsplan.

Etter andre gongs behandling av reguleringsplanen, konkluderer Statsforvaltaren i Møre og Romsdal med at planen er vedtatt i samsvar med plan- og bygningslova.  

Publisert 16.12.2025

Kommunestyret i Surnadal kommune vedtok 26. juni 2025 detaljreguleringsplanen for Moavegen 21 på Skei for andre gong. Planområdet ligg sentralt til i tettstaden, og reguleringsplanen skal legge til rette for eit fortettingsprosjekt med inntil 10 nye leiligheiter på tomta.

Tidlegare oppheva

Statsforvaltaren oppheva kommunes første planvedtak hausten 2024. Årsaka var eit mangelfullt kunnskapsgrunnlag og mangelfulle trafikktryggleiksvurderingar.

Planen sin innverknad på mjuke trafikantar, tilkomst til planområdet og langsgåande gateparkering, er dei sentrale klagepunkta også ved Statsforvaltaren si klagebehandling i 2025. Naboane til planområdet er framleis uroa for at utbygginga vil føre til eit endå meir uoversiktleg og utfordrande trafikkbilete i sentrum av Skei.

Godkjenner planen

No konkluderer Statsforvaltaren med at saksutgreiinga i tilstrekkeleg grad gjer greie for korleis utbygginga av Moavegen 21 vil verke inn på trafikksituasjonen i området.

– Planens innverknad på gjeldande trafikksituasjon er gjort greie for gjennom ei oppdatert trafikkanalyse, seier seniorrådgjevar Therese Småland hos Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren peikar i vedtaket på at trafikkbiletet i og ved planområdet framleis ikkje er god med den løysinga som er valt. Men også at så lenge trafikkanalysen viser at trafikktryggleiken vert tilfredsstillande varetatt, er det opp til kommunestyrets skjønn å avgjere kva interesser og omsyn som skal vege tyngst, og kva som er den mest tenlege arealbruken for eit område.

– I tillegg til at planens verknader på trafikkbiletet er synleggjort, har kommunen også fastsett konkrete tiltak som er meint å betre trafikktryggleiken, seier Småland.  

– Kommunen sitt godkjenningsvedtak er i denne omgangen tilstrekkeleg grunngjeve og i samsvar med krava som følgjer av plan- og bygningslova. Planen kan derfor godkjennast, avsluttar ho.