Gjev løyve til flytebrygge ved Svenøya i Frænfjorden

Foreininga «Frenfjordens venner» har søkt om å få leggje ut ei flytebrygge/lekter med gapahuk og grill ved Kroken på Svenøya i Frænfjorden.
Foreininga «Frenfjordens venner» har søkt om å få leggje ut ei flytebrygge/lekter med gapahuk og grill ved Kroken på Svenøya i Frænfjorden. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Therese Småland.

Statsforvaltaren er einig i vedtak frå Hustadvika kommune. Søknaden om ei flytebrygge ved Svenøya i Frænfjorden er godkjent.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2022

Foreininga «Frenfjordens venner» har søkt om å få leggje ut ei flytebrygge/lekter med gapahuk og grill ved Kroken på Svenøya i Frænfjorden. Brygga skal vere tilgjengeleg for alle. Grunneigarar på Svenøya og andre brukarar av området klaga på vedtaket. Dei meiner at dette vil skade mellom anna friluftslivet på holmane, påverke trua artar og ekskludere anna bruk av området.  

Bruk av fjorden

Hustadvika kommune har sett av arealet i sjøen til føremålet «bruk og vern av sjø og vassdrag». Dei har ikkje differensiert bruken på anna vis. Det overordna arealføremålet, utan nærare føringar for kva bruk ein ynskjer, opnar opp for fleire bruksområde med motstridande omsyn. Statsforvaltaren vurderte at når kommunen ikkje har gjeve konkrete føringar for området, vil bruk i tråd med arealføremålet være lovleg bruk, sjølv om det setter til side anna bruk. Vi kom difor til at det ikkje var naudsynt å søke om dispensasjon frå arealføremålet i denne saka.

Påverknad på miljøet

Statsforvaltaren vurderte i si overprøving av saka om Hustadvika kommune har tatt nok omsyn til naturmangfald og påverknaden på samfunn og miljø i saka.  Vi har kome til at dei vurderingane som er gjort er innanfor plan- og bygningslova og naturmangfaldlova sine reglar for handsaming av slike saker. Det er ikkje forhold i saka som gjer at resultatet er feil.

Statsforvaltaren godkjente derfor Hustadvika kommune sitt vedtak om utlegging av flytebrygga.