Kurs i klimagassar frå landbruket - unikt tilbod til kommunane i Møre og Romsdal

Kursansvarleg Odd Magne Harstad, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

Statsforvaltaren har i samarbeid med Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) arrangert kurs med tema klimagassar frå landbruket

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.05.2022

Statsforvaltaren får årleg styringsdokument frå ei rekke ulike departement og direktorat. Ei av dei overordna prioriteringane er at Norge skal omstillast til eit lågutsleppsamfunn. Statsforvaltaren skal bidra til å redusere klimagassutslepp og ta vare på karbonrike areal som skog og myr. Statsforvaltaren skal også bidra til å tilpasse samfunnet til eit endra klima, spesielt som rådgjevar for kommunane og i oppfølging av klimaomsyn i kommunane si arealplanlegging.

Statsforvaltaren skal også stimulere til god oppslutning om klima- og miljøtiltaka i jordbruket, bruke ny kunnskap i arbeidet med miljøverkemidla og bidra til at kunnskap når ut til kommunane og jordbruksnæringa.

Unikt kurstilbod

Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) arrangerer eit tilsvarande kurs årleg, men har på oppdrag frå Statsforvaltaren skreddarsydd eit program retta mot kommunetilsette i Møre og Romsdal. I tillegg deltok Statsforvaltaren sin eigne tilsette frå både landbruks- og miljøvernavdelinga, og representantar frå Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norsk landbruksrådgjeving.

Viktig kunnskap

Kurset var ei innføring i produksjon og konsekvensar av klimagassar frå landbruket. Regionale og nasjonale planar for å overvake og få til reduksjon i utsleppa var også tema. I tilllegg vart næringsaktørane sine planar og avtalar gjennomgått.

Presentasjonane frå kurset ligg under overskrifta Dokument.