Verdfulle naturområde i Møre og Romsdal

Fylkesmannen har på oppdrag frå Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet gått igjennom verdfull natur i fylket og funne 50 særs viktige område.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.02.2019

Bakgrunnen er stortingsmeldinga Natur for livet - norsk handlingsplan for naturmangfoldet, som har ei målsetting om å ta vare på eit representativt utval av norsk natur. Regjeringa vil mellom anna:

  • Verne, etter naturmangfoldloven, naturtyper og økosystemer som i dag er mindre godt dekket av vern.
  • Vurdere grensejusteringer og eventuelt utvidelser av eksisterende verneområder for å ivareta økologiske nettverk og øke robusthet mot klimaendringer.

Vi vil understreke at dette ikkje er nokon verneplan eller verneframlegg. Det er heller ei vurdering av naturverdiane utanom verneområda, og ein har sett på kva naturtypar ein har for dårleg sikring av. Ein har basert seg på kunnskap som ligg i eksisterande kart og databasar.

I arbeidet har vi både sett på areal som ligg inntil eksisterande verneområde og heilt frittliggande. Det er viktig å ha gode nettverk mellom sikra naturområde, og gjere dei meir robuste mot m.a. klimaendringar. Vi har vurdert vassdrag, og både naturlege og kulturpåverka naturtypar. Fylkesmannen har laga enkle kart som viser dei verdfulle områda, sjå vedlegga.

 

Vidare arbeid

Innspelet frå alle fylkesmennene går no til Miljødirektoratet for ei samanstilling. Deretter vert ei tilråding sendt Klima- og miljødepartementet for avgjerd om vidare arbeid, mellom anna om det skal startast arbeid med vern av nokre av områda.

Dersom Miljødirektoratet ber Fylkesmannen om å setje i gang ein verneplanprosess, vil vi starte ein prosess med medverknad og høyring etter reglane i naturmangfaldlova.

 

Les meir om saka på lenkene

http://www.miljodirektoratet.no/no/Nyheter/Nyheter/2019/Februar-2019/Har-identifisert-verneverdig-natur/

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/stortingsmelding-natur-for-livet/id2468165/

Dokument