Nytt skogvern sikrar verdifull skog

Linderemen i Ørsta kommune. Foto: Øivind Leren.

Regjeringa verna i dag 24.06.2025 Gammelseterlia i Aure og Linderemen i Ørsta som naturreservat. Vernet er viktig for å ivareta artar og naturtypar for framtidige generasjonar.

Publisert 24.06.2025

Gammelseterlia naturreservat på Ertvågsøya i Aure er prega av gamle, fuktige furuskogar. Naturreservatet utgjer austre del av eit område med eit stort mangfald raudlista råtevedsoppar, to av dei med første funn i Europa.

Linderemen naturreservat ligg på austsida av Hjørundfjorden i Ørsta kommune. Her er rike edellauvskogar, og vi finn ein av dei nordlegaste lindeskogane i verda.

Desse naturreservata vil bidra til betre sikring av trua skogstypar som manglar i dagens vern som mellom anna regnskogar og rik edellauvskog. Vedtaket frå regjeringa vil gjere at om lag 3,0 km2 ny skog blir verna i fylket.

Skal ta vare på biologisk mangfald

Noreg har forplikta seg til å ta vare på det biologiske mangfaldet gjennom internasjonale avtaler og nasjonale målsettingar. Eitt av tiltaka er vern av viktige skogområde for å bevare eit representativt utval av ulike skogtypar for kommande generasjonar. 

Frivillig vern av skog har dei siste 20 åra vore eit prioritert område for verneplanarbeidet i Noreg. Dette er ei velfungerande ordning der både grunneigarar og forvaltinga er godt nøgd med resultata.

Verneforslaget vil også bidra til å nå FNs berekraftsmål nr. 15 Livet på land. Nær halvparten av alle truga artar i Noreg lever i skogen, og gjennom vern sikrar vi leveområde for artane. Skogvern er vurdert som eit effektivt verkemiddel for å ta vare på norsk naturmangfald, blant anna ved å fange opp sikre truga og nær truga artar og naturtypar.

Går ikkje ut over andre samfunnsinteresser

Statsforvaltaren har vurdert konsekvensane av vernet og komme fram til at det ikkje vil skade andre samfunnsinteresser, som til dømes skogbruksnæringa.

Vernet fører til nokre restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan bidra til endringar i naturmiljøet er forbode. Oppføring av nye bygg, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking, motorisert ferdsel m.v. vil ikkje vere lovleg. Nokre tiltak vil kunne få løyve etter søknad.

Vanlege friluftslivsaktivitetar vil kunne halde fram som før. Vernet er ikkje til hinder for vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.