Referat frå arbeidsmøte 21.04.2021 om naturfagleg grunnlagsrapport

Akvaplan-niva sitt forslag til referanseområde - Griphølen marine verneområde

Statsforvaltaren hadde eit arbeidsmøte med kommunane, regionale etatar og viktige næringsinteressentar 21.04.2021. Presentasjon og referat frå møtet finn du i denne artikkelen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2021

På møtet gjekk Statsforvaltaren gjennom Akvaplan-niva sin naturfaglege grunnlagsrapport, med vekt på vurderingar av aktuelle område med strengare restriksjonsnivå eller referanseområde.

Deltakarane på møtet gav deretter sine synspunkt på rapporten og forslaga. Vegen vidare i verneplanarbeidet vart også drøfta.

Statsforvaltaren vil no arbeide fram eit mogleg framlegg til avgrensing/utforming av marine verneområde ved Griphølen og Remman. Grunnlaget for dette arbeidet er det samla materialet som har komme fram så langt i prosessen, inkl. tilbakemeldingane på møtet 21.04.2021. Eit arbeidsutkast til avgrensing vil bli drøfta vidare med kommunane og sentrale aktørar, og ligge til grunn for utarbeiding av konsekvensutgreiing og andre høyringsdokument.