Oppstart av marin verneplan - Griphølen og Remman

Melding om oppstart og høyring av utgreiingsprogram for marin verneplan for Griphølen og Remman - Kristiansund og Smøla kommunar. Høyringsdokumenta er tilgjengeleg her.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.05.2020

Fylkesmannen melder i samsvar med § 42 i naturmangfaldlova om oppstart av arbeidet med marin verneplan for Griphølen og Remman i Kristiansund og Smøla kommunar. Verneplanen skal innehalde ei konsekvensutgreiing, og eit utgreiingsprogram skal difor ligge til grunn for arbeidet.

Vi ber med dette om:

  1. innspel til korleis verneforslaget med føresegner bør utformast.
  2. merknader til utgreiingsprogrammet, dvs. til korleis verneplanarbeidet og utgreiingane bør gjennomførast.

Frist for innspel og merknader er 30. juni 2020. Send e-post til fmmrpost@fylkesmannen.no, ev. brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde.

For informasjon om verneplanarbeidet og dei to områda viser vi til vedlagt utgreiingsprogram.