Fleire ønsker å verne skogen

I 2020 fekk Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inn heile 17 tilbod om frivillig vern av skog. I 2021 har det allereie kome inn ni tilbod. Biletet er frå Todalsdalen naturreservat. Hege Steigedal og Ola Betten arbeider med skogvern hos Statsforvaltaren.
I 2020 fekk Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inn heile 17 tilbod om frivillig vern av skog. I 2021 har det allereie kome inn ni tilbod. Biletet er frå Todalsdalen naturreservat. Hege Steigedal og Ola Betten arbeider med skogvern hos Statsforvaltaren. Foto: Øivind Leren / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Fleire skogeigarar i fylket vel å verne skogen sin. Slik bidreg dei til å ta vare på skogen sitt store og verdfulle naturmangfald. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.04.2021 av Lena Skattum Sandvik

I 2020 fekk Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inn heile 17 tilbod om frivillig vern av skog. I 2021 har det allereie kome inn ni tilbod.

– Statsforvaltaren har som ei av sine oppgåver å vurdere om skogområde i fylket bør vernast. I skogen finn vi flest av dei trua dyre- og planteartane, raudlisteartane, fortel prosjektleiar Ola Betten og rådgivar Hege Steigedal.

I Møre og Romsdal har vi mange ulike skogtypar, og skogen utgjer eit stort areal av fylket.

– Når skogen blir verna, får han utvikle seg fritt utan hogst, vegbygging eller andre inngrep. Nokre stader må vi fjerne framande treslag som sitkagran, gran og platanlønn slik at dei ikkje skal fortrenge dei opphavlege trea og plantene, fortel Betten.

Sjølv om skogen vert verna, kan allmenta bruke den til rekreasjon og friluftsliv. Jakt- og fiskerett kan det og vera i naturvernområde. Det siste er det grunneigar som styrer.

Kystfuruskog og edellauvskog

– Kva slags type skog blir verna?
– I Møre og Romsdal er det særleg kystfuruskogar og edellauvskogar vi ønskjer å verne. Kystfuruskogane finst i dei ytre stroka i fylket, som i Aure, Averøy, Hustadvika og Ålesund. Noko av dette er det vi kallar «regnskog», svært sjeldne og artsrike skogar.

Edellauvskogar har vi der det er eit varmare lokalklima, og her veks alm, ask, hassel og hengebjørk. Dette finn vi innover fjordane i Sunndal, Tingvoll, Molde og indre Sunnmøre, seier Betten.

Steigedal fortel at dei også er interessert i å bevare fleire bekkekløfter, som ofte inneheld mange ulike artar, grunna variasjonar som lys og fuktforhold.

– Bekkekløftene finns over heile fylket og om dei blir verna saman med skogen, får vi eit større og meir robust verneområde. Stortinget har vedteke å verne ti prosent av skogen. Dette er altså eit nasjonalt mål. Nøkkelen til å få til vern er dei mange grunneigarane.

– Det er både svært aktive skogbrukarar og meir passive grunneigarar som tilbyr skogvern. Desse tilboda om vern av verdfull skogsnatur går til skogeigarforeiningane som sender dei vidare til Statsforvaltaren, seier Steigedal.

Ho fortel at skogeigarforeiningane arbeider aktivt for å skaffe tilbod, og fungerer som ein forhandlar for grunneigar i verneprosessen.

Erstatning til grunneigarar

Betten og Steigedal fortel at Miljødirektoratet og skogeigarforeiningane forhandlar fram ei erstatning til grunneigaren. Det er viktig at grunneigar opplever at erstatninga er reell.

Statsforvaltaren har både ein administrativ og naturfagleg rolle i arbeidet med frivillig vern av skog.

– Når vi får tilsendt tilboda om vern av skog, vurderer vi om områda er godt nok eigna for vern. Dersom dei er det, lagar vi utkast til verneforskrifter og kart, og gjennomfører høyringar av framlegga. Vi har eit tett samarbeid med skogeigarforeiningane og Miljødirektoratet om dette.

Når avtalen er inngått, opprettar regjeringa dei nye naturreservata i statsråd.
 
– Har vi mykje verna skog i Møre og Romsdal?
– Vi har verna ca. 2,5 prosent av skogen i fylket, og dette er cirka halvparten av landsgjennomsnittet på fem prosent.

Framgangsmåte

 Viss grunneigarar ønsker frivillig skogvern – korleis skal dei gå fram?
– Først bør dei undersøke om skogen har kvalitetar for eit vern. Dei kan få hjelp frå kommunen eller skogeigarforeiningane til dette. ALLSKOG eller Norskog kan utarbeide eit vernetilbod kostnadsfritt for grunneigaren, og ein bind seg ikkje til noko før alle avtalar er signerte. Ein verneplanprosess, frå tilbodet kjem på bordet til Statsforvaltaren og til eit vern er oppretta, tar frå eit til tre år.