Verneplan sjøfugl vedteken

Verneplan for hekkande sjøfugl i Møre og Romsdal blei vedteken av Kongen i statsråd 28.05.2010. Fylket har dermed fått 36 nye naturreservat med ferdselsforbod på land frå og med 1. mai til og med 31. juli som er den mest kritiske hekkeperioden

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2010

Kvart verneområde har si eiga forskrift som vart vedteke samstundes med verneplanen. Det er òg utarbeidd kart.

Grunneigarar og rettshavarar kan ha krav på erstatning dersom vernevedtaket fører til økonomisk tap. Frist for å søkje om erstatning er sett til 28.09.2010.