Naturreservat i Molde og Nesset – høyring av verneframlegg

Fylkesmannen har sendt på høyring eit framlegg til vern av skog på nordsida av Langfjorden. Uttalefristen er 08.07.2013.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.05.2013

Fylkesmannen har sendt på høyring og kunngjort eit framlegg om skogvern på privat grunn etter ei ordning om frivillig vern av skog. Framlegget gjeld eit naturreservat etter naturmangfaldlova. Området ligg mellom Horsgard i Molde kommune og Buvika i Nesset kommune. Det ligg sørvendt til like ovanfor Langfjorden og er på 611 da. Størstedelen grenser til fylkesveg 195.

Formålet med høyringa er å presentere verneframlegget. Det er ønskeleg at synspunkt til eit vern også blir knytt opp til forskrifta.

Hovudformålet med vern er å sikre eit biologisk verdfullt skogsområde som ein del av naturarven. Eit eventuelt vern som naturreservat inneber den strengaste verneforma etter naturmangfaldlova, og har som konsekvens eit forbod mot alle tiltak som kan endre naturmiljøet.

Formålet med eit eventuelt vern er å sikre eit variert skogsområde med sitt naturmangfald i form av naturtypar, økosystem, artar og naturlige økologiske prosessar. Området har relativt store areal med lågurtprega edellauvskog. Det har også viktige kvalitetar knytet til gamal lauvskog som mellom anna osp og med innslag av ask og varmekjær kjeldelauvskog. 

Høyringsdokument, vernekart, høyringsbrev med adresseliste samt informasjon om naturen i området finn du til høgre på denne sida. Du kan lese meir om verneplan for barskog og annan skog på Miljøstatus for Møre og Romsdal. Detaljerte data om området kan du også finne i Naturbase.