Nedgang i tap til freda rovvilt i 2022

Færre har søkt om rovvilterstatning i 2022, og både til jerv og gaupe er det vesentleg mindre tap enn i 2021. Fjord og Rauma har framleis store tap til jerv, medan Surnadal, Sunndal og Stranda har nedgang. Tingvoll er kommunen med nesten alle omsøkte tap til gaupe i fylket. 

Publisert 18.11.2022

Statsforvaltaren har ved søknadsfristen 1. november mottatt 45 søknader om erstatning for 1 094 sau og lam drept av freda rovvilt i 2022. Dette er ein nedgang på 358 dyr frå 2021. Nedgangen er særleg stor i Surnadal og Stranda. Sunndal, Molde og Hustadvika har også hatt nedgang. Fjord kommune har derimot hatt ein sterk auke i omsøkte tap til freda rovvilt, saman med Aure.

Totalt for fylket er det søkt erstatta 844 sau tapt til jerv, ein nedgang på 218 dyr frå 2021. Hovudtyngda av tap til jerv i 2022 ligg i kommunane Fjord og Rauma, som til saman har 647 tapte dyr.

Søknader om erstatning for tap til gaupe er på 234 sau og lam, ein nedgang på 104 dyr sidan 2021. Tingvoll står med 214 dyr for over 90 % av tapa til gaupe i Møre og Romsdal i 2022.

For kongeørn er det søkt om erstatning for 15 lam i Aure kommune, og 1 i Fjord.

Under Dokument i menyen til høgre finn du tabell og figurar med oversikt over søknadstala. Fordelinga av erstatningskravet på dei ulike rovviltartane er gjort av saueeigarane ved innsending av søknad om erstatning for tap til rovvilt.

Søknadene om erstatning vil som utgangspunkt bli handsama før årsskiftet. 

Figuren viser korleis dei omsøkte tapa i 2022 fordelar seg mellom beitekommunane.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.