Miljødirektoratet opnar ikkje for lisensfelling av brunbjørn i Møre og Romsdal (region 6) i 2022

Bakgrunnen for beslutninga er at bestanden av bjørn framleis ligg under bestandsmålet i desse rovviltregionane, og det ligg ikkje føre eit bestandsgrunnlag for å redusere bestanden eller for å regulere bestanden si utbreiing.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.08.2022

Miljødirektoratet viser elles til at dersom det oppstår akutte skadesituasjonar forårsaka av bjørn vil skadefelling av skadegjerande individ kunne vurderast i samsvar med gjeldande regelverk.

Du kan lese meir om grunnlaget for beslutninga i vedlagt brev frå Miljødirektoratet datert 19.08.2022.