Kartlegging av naturtypar i Møre og Romsdal i 2019

Kartlegginga er ein del av kunnskapsløftet for natur som blei vedteke av Stortinget i 2015. Kartlegginga er ei langsiktig, nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur. Kartlegginga vil bli utført av firmaet Miljøfaglig Utredning AS på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.06.2019

Kvifor kartlegg vi naturtypar?

Målet med kartlegginga er å få på plass god, stadfesta informasjon om naturen til bruk i mellom anna arealforvaltning. Ved at stadfesta informasjon om natur er tilgjengeleg tidleg i ein arealplanprosess vil dette kunne bidra til at det vert lettare å ta omsyn til naturen i desse prosessane, i tillegg til å bidra til meir føreseielege og effektive prosessar.

Kartlegginga kan òg vere nyttig for grunneigarar som ynskjer å søkje om tilskot til tiltak for trua natur og kulturlandskapet.

Kva skal kartleggast?

Kva slags naturtypar som skal kartleggast er fastsett på førehand av Miljødirektoratet. I 2019 skal kartleggingsområda undersøkjast for 105 ulike naturtypar. Dei fleste av desse naturtypane er raudlista i Noreg, medan resten er viktige leveområde for trua og nær trua artar.

Det vil bli kartlegging i kommunane Fræna, Ålesund, Ørskog, Skodje, Giske, Sula, Herøy og Vanylven. Du kan sjå eksakt kva område som skal kartleggjast og lese meir om kartlegginga på denne nettsida: http://nedlasting.miljodirektoratet.no/Kartlegging_2019/Grunneiere/index.htm

Områda som skal kartleggjast kan innehalde både innmark og utmark. Resultata frå kartlegginga vil etter kvart bli tilgjengeleg for alle på internett via Naturbase: https://kart.naturbase.no/.

Korleis skal områda kartleggast?

Kartlegginga vil gå føre seg på land etter eit standardisert system som heiter Natur i Norge (NiN). At eit område vil bli kartlagt inneber i praksis at eit kartleggingsområde vil bli undersøkt til fots for førekomst av dei 105 naturtypane. Ved funn av ein naturtype vil den som kartlegg notere ned observasjonar etter eit fastsett system og ta bilete av naturtypen. I sjeldne tilfelle kan det vere aktuelt å ta med små mengder plantemateriale for å identifisere det på eit laboratorium.

Den som kartlegg vil for kvar naturtypeførekomst vurdere tilstanden og naturmangfaldet i førekomsten. Vurderinga vil bli gjort etter eit fastsett system utarbeida av ei ekspertgruppe. Basert på vurderinga vil naturtypeførekomsten bli gitt ein kvalitetsklasse. Det finst fem slike klassar; svært låg kvalitet, låg kvalitet, moderat kvalitet, høg kvalitet og svært høg kvalitet.