Tore Løkke AS får oppdraget med å rydde opp etter Miljøservice Eide

Tomta som skal ryddast sett frå lufta, med skog, marker og bygningar.
Oversiktsbilde av tomta. Foto: Stikk og Mål AS.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har tildelt kontrakten for oppryddingsarbeidet på eigedomane etter tidlegare Miljøservice Eide i Hustadvika kommune. Det er entreprenørfirmaet Tore Løkke AS som får oppdraget.

Publisert 15.10.2025

Åtte aktørar sendte inn tilbod då anbodet var lyst ut på Doffin.

– Tore Løkke AS har gitt eit grundig tilbod, stiller med høg miljøfagleg kompetanse og har erfaring frå liknande prosjekt, seier underdirektør Christian Dahl hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Entreprenøren har levert eit detaljert opplegg for framdrift, tekniske løysningar og gjennomføring.

Det er tildelt 26,2 millionar kroner til arbeidet i 2025.

– Det er tilstrekkeleg til at vi kan komme i mål med prosjektet, seier Dahl.

Ferdigstilling av oppryddingsjobben blir i mars 2026.

Planlagde tiltak i prosjektet

Ein viktig  jobb no er å sortere innhaldet i vollane i anlegget. Reine jordmassar skal sorterast ut, medan jordblanda avfall blir flytta til eit tildekkingsområde på 10 mål.

Her skal det samlast avfall som vil bli dekt til og sikra. Dersom det blir funne farleg avfall under arbeidet, blir dette levert til eit godkjent anlegg for slikt avfall.

Eigedomen er på 48 mål. Målet med prosjektet er å rydde opp slik at 38 mål av dette kan brukast til industriformål.

Bilde frå kart som viser tildekkingsområde og vollar som skal sorterast og flyttast.
Bilde frå kart som viser tildekkingsområde og vollar som skal sorterast og flyttast. Foto: COWI.

Dahl fortel at tildekkingsområdet på 10 mål skal får ei bestemt utforming og dekkast til med bentonittmembran. Slik blir  avfallet under liggande mest mogleg tørt, og ein unngår at skadelege stoff lekk ut.

– Tildekking med denne typen membran har vore gjort i tilsvarande prosjekt, og erfaring har vist at det fungerer godt, seier han.

Når oppryddinga er ferdig, vil området bli dekt til med rein jord som blir sådd med ei lokal frøblanding. Resultatet skal bli ein grønkledd haug i landskapet.

Kart som viser tildekkingsområde med høgdekoter og oksidasjonsvindu markert med raud ring.
Oversikt over tildekkingsområde med høgdekoter og oksidasjonsvindu markert med raud ring. Foto: COWI.

Oppfølging etter oppryddinga

Etter oppryddinga er det viktig å overvake at tildekkinga fungerer som den skal.

– Det blir gjort ved å følge eit overvakingsprogram. Statsforvaltaren vil vere ansvarleg for overvakinga, og den vil bli utført av ein uavhengig miljøkonsulent. Undersøkingane vil vise kor lenge det er behov for overvaking, avsluttar Dahl.

Kontaktpersonar