Stans i mottak av avfall ved Miljøservice Eide AS

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har 10. juni 2020 vedtatt at Miljøservice Eide AS i Hustadvika kommune ikkje kan ta imot avfall i sitt anlegg med adresse Torvvegen 34, 6490 Eide.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.06.2020

Bakgrunnen for vedtaket er brot på vilkår i verksemda sitt løyve etter forureiningslova. Vilkåra om at anlegget skal vere tomt for gammalt avfall og at avfall skal sorterast og leverast vidare så snart det er oppnådd eit passande transportvolum, har ikkje vore haldne på mange år. Statsforvaltaren ser alvorleg på dei gjentatte lovbrota ved verksemda og har konkludert med at stans i mottak av avfall no er nødvendig.

Vedtaket om stans vil gjelde til verksemda har rydda anlegget slik at det kan drivast innan rammene i løyvet. Vedtaket kan lesast via lenka til høgre.

Dokument