Forureiningar frå produksjon av pukk, grus, sand og singel

Dette er ei informasjonsside for føretak som driv produksjon av pukk, grus, sand og singel og fell inn under kap. 30 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til denne forskrifta. Det er Statsforvaltaren som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.06.2021

Melding til Statsforvaltaren

Ingen må ha, gjere eller sette i verk noko som kan medføre fare for forureining med mindre ein har løyve frå forureiningsmyndigheitene eller driv innanfor forskrift gitt for visse verksemder. For å kunne drive aktivitet som fell inn under forureingsforskrifta kapittel 30, så skal Statsforvaltaren ha ei melding om dette. Lenke til meldingsskjema finn du til høgre på sida. Skjemaet skal sendast til

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Postboks 2520, 6404 Molde

E-post: sfmrpost@statsforvalteren.no