Løyve etter forureiningslova

Utslepp er regulert i forskrift og utsleppsløyve

I forureiningslova er det fastsett ei plikt til å unngå forureining. Dei verksemdene som likevel fører til forureining er regulert gjennom forskrifter, eller dei må ha utsleppsløyve. Statsforvaltaren gjev utsleppsløyve og følgjer opp verksemder innafor ei rekkje område.

Sakshandsaming

Søknadar om utsleppsløyve vert handsama i tråd med forureiningsforskrifta kap 36. Her går det også fram kva ein søknad skal innehalde. For nokre bransjer er det laga eigne skjema.

Avgjerd og vilkår

Når Statsforvaltaren avgjer om ei verksemd skal få løyve og set vilkår, skal det leggast vekt på ulempene med forureininga saman med fordeler og ulemper som tiltaket elles fører med seg. I løyvet kan det setjast vilkår slik at forureininga fører til mindre skade eller ulempe, ved krav til rensetiltak, gjenvinning eller at løyve berre skal gjelde for ei viss tid. 

Gebyr

Statsforvaltaren tek gebyr for handsaming av saker etter forureiningslova i tråd med forureiningsforskrifta kap 39.

Alle utsleppsløyve på Norskeutslipp.no

Alle utsleppsløyve vert vist på nettstaden Norskeutslipp.no. Her kan ein sortere etter fylke, sektor og type verksemd.

Utsleppsløyve

Finn utsleppsløyve på norskeutslipp.no 

Oversikt over alle utsleppsløyve etter forureiningslova finn du på www.norskeutslipp.no.