Sei ifrå om du finn elvemusling i nye elver!

Hustadvika kommune har flest elver med elvemusling i fylket. Molde, Tingvoll, Aure og Ålesund er andre viktige elvemuslingkommunar.
Hustadvika kommune har flest elver med elvemusling i fylket. Molde, Tingvoll, Aure og Ålesund er andre viktige elvemuslingkommunar. Foto: Kjell Sandaas.

Elvemuslingen er sterkt truga i verda, og sårbar her i landet. 40 prosent av alle elvemuslingar i Europa, lever her i Noreg. Det gjer elvemuslingen til ein art som vi har særskild ansvar for.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.11.2022

I Møre og Romsdal er elvemusling registrert i over 40 elver. Det er gjennomført årleg kartlegging av elvemusling i fylket sidan 2009. Vi har funne elvemusling på ein del nye strekningar. Spesielt gledeleg var funn av ein stor bestand i Haddalselva i 2020. Denne har tidlegare ikkje vore kjent for forvaltninga, fortel Geir Moen, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Ta kontakt om du oppdagar elvemusling i nye elver!

Moen oppfordrar alle til å ta kontakt med Statsforvaltaren dersom dei kjem over elvemusling i elvar som ikkje er merka i dette kartet … (Sjå kontaktinformasjon øverst til høgre på denne sida.) 

– Kartlegginga har vist oss at det står dårleg til med elvemuslingane i nokre elver, men at dei har det bra i andre. Den største bestanden i fylket finn vi i Hustadvassdraget. Her er det ein estimert bestand på fleire million individ, seier Geir Moen.

Hustadvika kommune har flest elver med elvemusling i fylket. Molde, Tingvoll, Aure og Ålesund er andre viktige elvemuslingkommunar.

Ein viktig miljøfaktor

Ein vaksen musling filtrerer 50 liter vatn i døgnet. Er muslingane mange nok, reinsar dei alt vatnet i bekken eller elva. Slik betrar muslingen forholda for fisk og alle andre arter som lever i lag med den.

Elvemuslingen kom til Noreg som «blindpassasjer» på laks og aure da den store isen som dekka landet, smelta for 10 000 - 12 000 år sidan.

– Elvemusling finst i bekker og elver langs kysten i heile Norge, men også i store vassdrag innover i landet. Den trivst best i klare elver og bekker med sand, grus og steinar på botnen, fortel Geir Moen.

Muslingen er mest vanleg i låglandet, men du kan finne han opp til 400 - 450 meter over havet. Elvemusling er kjent frå om lag 560 lokalitetar i Noreg. Men: den har forsvunne frå ein firedel av desse, spesielt frå store område på Sørlandet.

– Dei fleste reproduserande bestandane finst i Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland, seier Geir Moen.

Sårbare skapningar

Det er alt som skjer rundt og i eit vassdrag som påverkar muslingane som lever der.

– For mykje gjødsel, nedslamming og utslepp av gift, er saman med øydelegging av leveområda den største trugselen mot muslingane i dag. Lenger sør i landet er også forsuring av elva eit problem.

Næringsstoffa fosfor og nitrogen gjer at vassdraga gror igjen. Plantane i vatnet held tilbake slam og partiklar som legg seg på botnen, og tettar igjen holrom mellom sand, grus og stein. Dette gjer at dei små muslingane som lever nede i grusen vert kvelt. Muslingen trivst dårleg i vatn med mye humussyre, partiklar og slam.

– Når vi bygger kraftverk, og legger elver og bekker i rør, hindrar vi fisken i å nå viktige område for å gyte. Då vert det få laks- eller aureungar som muslinglarvane er avhengig av. Vert vatnet ført bort frå elva, vil viktige leve- og oppvekstområde for musling og fisk bli redusert eller tørrlagt. Nok vatn etter utbygging, og gode løysingar for fisken sin vandring, er viktige tiltak for å ta vare på elvemuslingen, seier Geir Moen.

Tiltak for å betre forholda

Det finst ein eigen handlingsplan for elvemuslingen. Tiltaka krev tolmod og tid. Muslingane vert telt, og det finst kultiveringsanlegg for elvemuslingar. Nokre sure vassdrag er kalka for å betre kvaliteten på vatnet.

– Der musling trivst og formeirar seg, veit vi at forholda er gode for mange andre arter også. Spesielt er dei unge muslingane langt meir kravstore enn laks og aure. Førekomst av unge muslingar er derfor ein indikator på god tilstand i elver og bekker, avsluttar Geir Moen.