Ny forskrift om fiske ved utløp av vassdrag blir ikkje vedtatt før i oktober.

Munningsfredingsområde i Hustadbukta. Foto: Øyvind Leren
Munningsfredingsområde i Hustadbukta. Foto: Øyvind Leren Foto: Øivind Leren.

Statsforvaltaren ønskjer ikkje å endre fiskereglane no i sommar, men ventar til etter 1. oktober 2022.

Publisert 23.06.2022

Vi mottok omlag 40 innspel i løpet av høyringsperioden for ny forskrift for fiske ved utløp av vassdrag i sjø. Desse innspela vil vi gå gjennom.

Mange er opptatt av reglar for fiske etter saltvassfisk.

Fisketida i elva bestemmer 

Vi minnar om at i gjeldande forskrift, som er aktuell i sommar, er det fisketida for sjøaure i elva som bestemmer når det er lov å fiske laks og sjøaure med stang frå land i munningsfredingssona. Der elva er stengt for fiske etter sjøaure er det ikkje lov å fiske laks og sjøaure i nokon del av munningsfredingssona. Om fleire elvar munnar ut i sona, gjeld reglane for den elva med kortast fisketid. Sjå lista over munningsfredingsområda her ...

Fiske av saltvassfisk

Saltvassfisk kan du fiske med stang frå land heile året dersom du er utanfor 100-meterssona. Du kan også fiske saltvassfisk med stang frå båt som ligg i ro heile året. Det er også tillatt å fiske etter saltvassfisk med stang frå land i 100-meterssona når elva er open for sjøaurefiske.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.