Ny forskrift om fiske utanfor lakse- og sjøaurevassdrag, og om garnfiske i sjø

Solnørvika. Foto: Øyvind Leren Foto: Øivind Leren.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no fastsett ny forskrift som regulerer fisket i sjø utanfor utløp av vassdrag med anadrome laksefisk og ved kraftverksutløp. Å senke garnreiskap i sjø vert også regulert av forskrifta.

Publisert 16.05.2023

Forskrifta inneber ei klargjering av at det er ei 100-meterssone utanfor alle anadrome vassdrag. Talet på utvida munningsfredingssoner i fylket aukast frå 78 til 81.

Forskrifta var på høyring med frist 19. mai 2022. Vi mottok 48 høyringssvar. Eit gjennomgangstema er at forslaget gjekk utover fritidsfiske etter saltvassfisk i munningsfredingssonene, særleg for barn og unge. Vi har teke delvis omsyn til dette og let barn og unge under 18 år fiske etter saltvassfisk med stong og handsnøre frå land i munningsfredingssoner heile året, unnateke mars og april. Ei anna endring er at vi tillet fiske etter saltvassfisk i munningsfredingssona med handsnøre frå is og båt i ro, heile året. Endringane gjeld berre munningsfredingssona, ikkje 100-meterssona. 

Slik blir reglane i hovudtrekk:

Fiske i sjø utanfor elveutløp

100-meterssona nærast elveutløpet har dei strengaste reglane. Her er alt fiske forbode, unnateke stong frå land når det er fisketid i elva.

I munningsfredingssoner utanfor 100-metersona kan du óg fiske når det er fisketid i elva, men i tillegg kan du:

  • Fiske med handsnøre etter saltvassfisk frå is eller båt i ro heile året
  • Fiske etter saltvassfisk med stong og handsnøre frå land, unnateke mars og april, om du er under 18 år.
  • Fiske med stong og handsnøre frå land, is og båt (inkl. dorging) frå og med 1. oktober til og med 28. februar. Anadrom laksefisk må gjenutsettast, med unntak av Smøla kommune.
  • Fiske etter saltvassfisk med teiner heile året, når heile fangstdelen til ein kvar tid står minst 5 meter under havoverflata

Nedsenking av garn i sjøen utanfor fredingssonene

I perioden frå og med 1. mars til og med 30. september skal alle garn, uansett maskevidde, senkast slik at heile fangstdelen står minst 3 meter under havoverflata til ei kvar tid.

Påbodet gjeld ikkje for reiskap som under utøving av yrkesfiske er sett ut for å fange anna enn laksefisk.

Fiskeforbod utanfor kraftverksutløp i sjø

Ved Tussa kraftstasjon, Åmela kraftstasjon og Tafjord kraftstasjon (K4) er alt fiske etter anadrome laksefisk og saltvassfisk forbode i området som strekkjer seg 100 meter frå kraftverksutløpet og ut i sjøen.

Dragsundet, Ålesund og Holmsundet, Hustadvika

I perioden frå og med 1. mars til og med 30. september er det forbode å fiske med stang frå land og båt i Dragsundet innanfor grenselinene 1) vest for Dragsundet frå Lauvikneset til nordsida av Solnørvika og 2) nord for Dragsundet ved Åtlhøgda.

I perioden frå og med 1. mars til og med 30. september er det forbode å fiske med stang frå bruene i Holmsundet og langs heile vegfyllinga frå bru til land på begge sider.

Endring frå tidlegare forskrifter

Den nye forskrifta samlar 4 fylkesvise forskrifter som gjeld regulering av fiske etter anadrome laksefisk i sjø i slik at vi står igjen med ei forskrift.

Dette gjeld:

  • Forskrift om fiske etter anadrome laksefisk, fredning ved utløp av vassdrag, i sund og straumar, Møre og Romsdal
  • Forskrift om freda sone ved utløp frå kraftstasjon til sjø i Møre og Romsdal
  • Forskrift om nedsenking av garnreiskap, Møre og Romsdal
  • Forskrift om freda sone ved Dragsundet og Holmsundet, Skodje og Eide kommunar.

Forslaget som ble lagt ut på høyring hadde med 3 nye munningsfredingssoner på Vartdalsstranda (Barstadvikelva, Storelva, Vartdal og Nordre Vartdalselva), samt at sona i Malmefjorden var utvida. Desse vart vedteke med bakgrunn i bestandssituasjon for anadrome bestandar i elvane. Det er i tillegg klargjort kvar grenselinja i indre Dalsfjord (utanfor Steinsvikelva og Åmela) går.

Det er og fleire endringar frå gjeldande forskrifter, men for bakgrunnsinformasjon om den nye forskrifta, viser vi til vår nyhendesak 20.04.2022. Meir informasjon om fiskereglar vil kome på våre nettsider snart. Fiskereglar i kvar enkelt munningsfredingsssone er tilgjengeleg i høgremenyen.

I vedtaksbrevet (høgre marg) er det gjort ei vurdering av høyringsinnspel og nærare grunngjeving for den nye forskrifta.

Kart over elver med utvida soner (munningsfredingssoner) er tilgjengeleg kommunevis nedst på denne sida, eller på Gislink under kartlag Kyst/fiskeri. Små anadrome vassdrag med kun 100-meterssone er det ikkje kartløysing for førebels.

Forskrifta trer i kraft 01.06.2023