Laksefisket i fylket på historisk botnnivå

Laksefiske. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Geir Moen

Laksefisket i Møre og Romsdal i 2024 vart som venta rekordlågt med 5,8 tonn laks fiska i elvene, og 1,1 tonn laks i sjøen. Til samanlikning vart det fiska heile 170 tonn laks samla i sjø og elv i fylket i 1983.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.01.2025

Fleire elver stengte fisket tidleg. Det påverkar fangstresultatet. Gytefiskteljingar tyder på at dette var nødvendig for å sikre nok gytefisk i dei fleste elvane. Sjølv med strenge tiltak vart det ikkje nok gytefisk i fleire elver, seier Geir Moen, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Han meiner at situasjonen er dramatisk

– Vi har eit stort tilbakesteg for mellom anna reetablering av laks i elvene i Raumaregionen, der situasjonen såg mykje lysare ut for eit par år sidan. Elvene i Romsdalsfjorden var særskilt svake med berre nokre titals laks fiska i dei beste elvene. Nordmørselvene hadde også ein svært dårleg laksesesong.  

Moen fortel at også Sunnmøre har fleire sterkt reduserte bestandar, med enkelte lyspunkt der det var nok gytelaks.

– Størst fangst var det i Strandaelva med 348 laks på 1123 kilo. I vekt var Driva i Sunndal nummer to med 618 kilo og Vikelva på Bjørke nummer tre med 544 kilo. Åheimselva i Vanylven var nummer to i talet på fiska laks med 201 laks på 411 kilo.

Færre overlever i sjøen

Hovudårsaka til den store tilbakegangen er at færre laks overlever i sjøen. I følgje Vitenskapelig råd for lakseforvaltning er lakselus den største menneskeskapte trusselen mot både laks og sjøaure. For laks spelar også andre tilhøve ute i havet inn. Det er viktig med effektive tiltak som reduserer den negative påverknaden på villfisk frå lakselus, samstundes som vi tek godt vare på vassdraga våre, seier Moen.

Figur: Laksefiske i elv og sjø i Møre og Romsdal i vekt (kilo) i perioden 1983-2024. I 1989 vart det forbod mot drivgarnfiske i sjøen. Det reduserte sjølaksefisket betydeleg. I 2021 vart kilenotfisket stengt i alle fjord- og kystområde med unntak av Sunndals-, Tingvoll-, Bergsøy- og Batnfjorden ut til Krifast. Kjelde: Statsforvaltaren/SSB.

Stabilt låg fangst av sjøaure
Sjøaurefangsten i fylket kom på 2,2 tonn mot 3,0 tonn i 2023. Det vart avliva 0,9 tonn og gjenutsett 1,3 tonn. Driva hadde størst sjøaurefangst med 179 sjøaurar på 446 kilo (178 stk. gjenutsett).

Fangstrapportering

I 2024 var 65 elver i fylket opne for fiske etter laks og/eller sjøaure. Alle leverte fangstrapport (www.fangstrapp.no).

– Denne statistikken gir i lag med registreringar av gytebestandane verdfull kunnskap om bestandssituasjonen i det enkelte vassdrag, og gode føringar for vidare forvaltning, seier Geir Moen.

Fangst i vassdraga i 2024 (kilo)

LAKS:

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av laks (avliva + utsett) i 2024. Tala viser totalt kilo laks, og tala i parentes tal i kilo avliva laks/tal i kilo utsett laks.

1.

Strandaelva, Stranda

1123 (1116/7)

2.

Driva, Sunndal:

618 (610/8)

3.

Vikelva (Bjørke), Volda:

544 (528/16)

4.

Korsbrekkelva, Stranda

475 (406/69)

5.

Bondalselva, Ørsta:

450 (450/0)

6.

Åheimselva, Vanylven:

411 (395/16)

7.

Hustadelva, Hustadvika:

261 (253/8)

8.

Surna, Surnadal

182 (127/55)

9.

Ørstaelva, Ørsta:

166 (165/1)

10.

Fetvassdraget, Sykkylven:

159 (139/20)


Fangst i vassdraga i 2024 (tal laks)

LAKS: Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av tal laks (avliva + utsett) i 2024. Tala viser totalt tal laks, og tala i parentes tal avliva laks/tal utsett laks.

1.

Strandaelva, Stranda

348 (345/3)

2.

Åheimselva, Vanylven:

201 (192/9)

3.

Vikelva (Bjørke), Volda

173 (168/5)

4.

Korsbrekkeelva, Stranda

149 (132/17)

5.

Hustadelva, Hustadvika:

130 (126/4)

6.

Bondalselva, Ørsta:

129 (129/0)

7.

Driva, Sunndal:

108 (106/2)

8.

Fetvassdraget, Sykkylven

54 (48/6)

9.

Solnørelva, Ålesund:

54 (52/2)

10.

Aureelva, Sykkylven og Moaelva, Hustadvika:

53 (53/0) (52/1)

 

 

Kontaktpersonar