Låg fangst av laks og sjøaure i Møre og Romsdal i 2021

Rauma elv. Foto: Geir Moen
Rauma elv. Foto: Geir Moen

Mindre innsig av laks og lite vatn gav ein svak fiskesesong i elvane i 2021. Det vart rapportert inn samla fangst av laks på 21,4 tonn, som var over 13 tonn mindre enn i 2020.

Publisert 24.01.2022

Sjølaksefisket var stengt i heile Møre og Romsdal i 2021, med unntak av Sunndals- og Tingvollfjorden. Dette var ikkje lett å sjå på elvefangstane.

Størst fangst i Surna

Flaumelvane hadde ein dårleg sesong. Nedbør kom først når dei fleste elvane var stengde. Surna hadde igjen størst fangst av laks med totalt 4,5 tonn, fylgt av Rauma med 3,6 tonn. Det vart fiska flest laks i Rauma med 962 stk., men Surna hadde høgare snittvekt. Heile 741 av laksane i Rauma vart gjenutsett. Driva på 2,8 tonn og Eira med Eikesdalsvatnet på 1,9 tonn kom deretter. Dei andre elvane med fangst over 1 tonn laks var Korsbrekkeelva, Strandaelva og Vikelva på Bjørke.

Auren vart sett tilbake i elva

Sjøaurefangsten i fylket kom på 2,8 tonn mot 4,4 tonn i 2020. For første gong vart meir sjøaure gjenutsett (1,7 tonn) enn avliva (1,1 tonn). Freding av sjøaure i fleire elvar er hovudårsaka til dette. Eira med Eikesdalsvatnet hadde størst sjøaurefangst med 593 kilo.

imagee3n9m.png


I 2021 var 68 elver i fylket opne for fiske etter laks og/eller sjøaure. Alle leverte fangstrapport (www.fangstrapp.no). Fangststatistikk i kombinasjon med registreringar av gytebestand gir verdfull kunnskap om bestandssituasjonen i det enkelte vassdrag.

Fangst i vassdraga i 2021 (kilo)

LAKS:

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av laks (avliva + utsett) i 2021. Tala viser totalt kilo laks, og tala i parentes tal i kilo avliva laks/tal i kilo utsett laks.

1.

Surna, Surnadal:

4508 (3353/1155)

2.

Rauma, Rauma:

3601 (884/2717)

3.

Driva, Sunndal:

2773 (2741/32)

4.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

1924 (971/953)

5.

Korsbrekkeelva, Stranda:

1311 (1308/3)

6.

Strandaelva, Stranda:

1023 (1019/4)

7.

Vikelva (Bjørke), Volda:

1005 (1005/0)

8.

Bondalselva, Ørsta:

726 (726/0)

9.

Stordalselva, Stordal

531 (531/0)

10.

Moaelva, Hustadvika:

468 (461/7)

 

SJØAURE:

imageoc4jt.png

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av sjøaure (avliva + utsett) i 2021. Tala viser totalt kilo sjøaure, og tala i parentes tal i kilo avliva sjøaure/tal i kilo utsett sjøaure.

1.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

593 (356/237)

2.

Driva, Sunndal:

544 (15/529)

3.

Surna, Surnadal:

338 (36/302)

4.

Rauma, Rauma:

187 (14/173)

5.

Hustadelva, Hustadvika:

101 (40/61)

6.

Nåsvassdraget, Hustadvika:

92 (85/7)

7.

Søya, Surnadal:

89 (73/16)

8

Litledalselva, Sunndal: 

81 (81/0)

9.

Isa/Glutra, Rauma:

71 (13/58)

10.

Farstadvassdraget, Hustadvika

65 (65/0)

 

Fangst i vassdraga i 2021 (tal fisk)

LAKS: Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av tal laks (avliva + utsett) i 2021. Tala viser totalt tal laks, og tala i parentes tal avliva laks/tal utsett laks.

1.

Rauma, Rauma:

962 (221/741)

2.

Surna, Surnadal:

928 (673/255)

3.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

581 (239/342)

4.

Driva, Sunndal:

567 (557/10)

5.

Korsbrekkeelva, Stranda:

463 (460/3)

6.

Vikelva (Bjørke), Volda:

345 (345/0)

7.

Moaelva, Hustadvika:

293 (286/7)

8.

Bondalselva, Ørsta

217 (217/0)

9.

Osenvassdraget, Molde

199 (199/0)

10.

Hustadelva, Hustadvika

182 (160/22)

 

SJØAURE:. Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga i fylket med størst fangst av tal sjøaure i 2021. Tal i parentes viser tal avliva sjøaure/tal gjenutsett sjøaure.

 

1.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

395 (215/180)

2.

Surna, Surnadal:

273 (24/249)

3.

Driva, Sunndal:

262 (7/255)

4.

Rauma, Rauma:

174 (15/159)

5.

Hustadelva, Hustadvika:

162 (63/99)

6.

Nåsvassdraget, Hustadvika:

87 (79/8)

7.

Farstadvassdraget, Hustadvika

69 (69/0)

8.

Søya, Surnadal:

64 (48/16)

9.

Fuglvågvassdraget, Smøla:

55 (19/36)

10.

Hinnåvassdraget, Smøla:

46 (10/36)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.