Genbanken på Herje – gir trua fiskestammer nye liv

Viser bilde av rogn i litermål
Her skjer straks befruktninga. Røktar Roy-Inge Hønsvik syrgjer for at rett mjølke vert blanda med rett rogn. Foto: Aleksander Slemmen.

På Herje i Rauma driv Statsforvaltaren i Møre og Romsdal genbank for trua stammer av aure, og den no raudlista villaksen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.02.2023

Dei fire som arbeider i genbanken bur nær anlegget. Det må dei, for dei har berre ti minutt responstid om det skulle oppstå noko.

– Kvar dag arbeider vi for å ta vare på naturarven vår. Det er fint, seier Kurt Overrein. Han er røktar på genbanken.

Bilde av Aleksander Slemmen, Atle-Eddie Sande og Kurt Overrein arbeider i lag med Roy-Inge Hønsvik (på det øvste bildet).
Aleksander Slemmen, Atle-Eddie Sande og Kurt Overrein arbeider i lag med Roy-Inge Hønsvik (på det øverste bildet). Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

I fleire år har dei hatt usikker tilgang på vatn til anlegget på Herje. Men for eit års tid sidan fekk dei endeleg eit nytt inntak frå elva, og driftsleiar Aleksander Slemmen er glad for at dei har komme i mål med det.

– Det verste som kan skje i genbanken er at det blir mangel på vatn. Snø, is og rusk kan legge seg over risten, og tette så vi ikkje får nok vatten. Då må vi vere kjappe og rykke ut. Har vi ikkje vatn, kan vi heller ikkje drifte genbanken, fortel han.

Bildet viser dei røde bygningane på Herje - der Genbanken held til.
Genbanken ligg fint til på Herje i Rauma. Foto: Aleksander Slemmen.

Følger med på vêret

Kvardagen på Herje byr på ulike utfordringar. Kurt Overrein fortel at dei følger nøye med på vêret. Til dømes er dei obs i tørkeperiodar – men også i motsett fall, når det plutseleg kjem mykje nedbør på kort tid og elva blir flaumstor. Då kan det fort bli skittent vatn.

– Dessutan må vi følgje med på temperaturane i elvevatnet. Dei verker inn på kor raskt rogn og yngel utviklar seg, og på når fisken er klar for å bli ført tilbake til elv og vassdrag.

Kurt meiner at dei lever godt med desse utfordringane. Dei er budd og har erfaring. Dei veit at dei må passe godt på å reinse filtera når det kjem mykje nedbør og når det er flaum. Alarmsystema testar dei to gonger i veka.

Stryker fisken for å befrukte

I starten av oktober er fisken moden for å gyte, fortel Kurt.

Bilde av ordførar i Rauma, Yvonne Wold, som stryk fisk. Her med Vidar Skiri som læremeister.
Ordførar i Rauma, Yvonne Wold, fekk prøve å stryke fisken då ho besøkte genbanken i haust. Her med Vidar Skiri som læremeister. Foto: Aleksander Slemmen.

– Vi bedøver fisken for å stryke rogn ut av hofisk og mjølke ut av hannfisk.

Rogn og mjølke vert så flytta til klekkjeriet for befruktning. Her må arbeidarane vere veldig nøye.

– Veterinærinstituttet har utarbeida lister som vi må følgje. Rogn og mjølke som har for nært slektskap skal ikkje kryssast.

Rogn og mjølke vert blanda og skanna elektronisk. Blandinga blir registrert som ein ny familie i eit dataprogram. Etter at rogn og mjølke er blanda, skjer befruktninga på sekunder.

Blandinga skal stå i desinfeksjon i ti minutt før den befrukta rogna blir lagt forsiktig i ei bakke som er plassert i ei renne med sakterennande vatn. Her skal rogna ligge uforstyrra til den vert utvikla til augerogn. 

Genbanken har eit godt samarbeid med Veterinærinstituttet. Det er dei som hentar aurerogn og yngel på Herje og sett dei ut i elvane.

Bilde av at rogna ligg i bakkar og ventar på å bli augerogn.
Rogna ligg i bakkar og ventar på å bli augerogn. Foto: Aleksander Slemmen.

Etter rotenon

Det er Miljødirektoratet som bestemmer kva for elver som treng hjelp av genbank for å behalde fisken sin.

– Hovudoppgåva vår har dei siste åra vore å ta vare på stammane av laks og aure i Rauma regionen etter at elva Rauma vart rotenonbehandla, fortel Aleksander.

Statsforvaltaren er ansvarlig for reetablering av fiskebestandane i Raumaregionen, mens Veterinærinstituttet er prosjektleiar.

Etter kvart som elvene blir friske og ikkje treng hjelp til reetablering, vil genbanken få materiale frå andre elver rundt om i landet. Fleire elver kan trenge hjelp til å bygge opp fiskestammane sine att, grunna sjukdom eller parasittar.

– Som driftsleder skal eg ha kontroll på kva som skjer på anlegget. Sidan eg er rimeleg fersk i faget som leiar, er eg avhengig av eit godt samarbeid med dei rundt meg. Det fungerer veldig bra.

Slemmen fortel at alt som skjer på anlegget skal bli dokumentert. Det er også viktig at alt dei arbeider med vert halden avskilt, så genetikk og smitte ikkje kjem på avvegar.

Sjekkrunde

Atle-Eddie Sande har vore lengst på Herje. Han starta i 2010 då det framleis var smoltanlegg. I 2012 vart det genbank.

– Vi røktarar har faste rutinar kvar dag. Sjekklister og skjema heng rundt på heile anlegget. Her fyller vi inn riktige verdiar. Eventuelle avvik må bli retta opp for å unngå alarm. Røktarane skal innom mange hus, så berre sjekkrunden tar mykje tid, før sjølve røktarjobben startar.

– All fisken skal ha mat. Det får dei i ein bestemt mengde og storleik. Vi har mykje sesongarbeid, så arbeidet varierer gjennom året.

Roy-Inge Hønsvik begynte i fast stilling som røktar på Herje i mars i fjor. Han har bakgrunn frå sjøen som styrmann.

– Det har blitt, og er framleis, mykje nytt å sette seg inn i for meg på Herje. Genbanken er spennande, og eg føler meg heldig som har moglegheit til å jobbe så nært heime. Det gjer meg moglegheit til å bidra i større grad på heimebane også.

– I sjekkrunden registrerer vi oksygen, temperatur i vatnet, mengd av vatn og så vidare. Vi skal vite at alle fiskane har det best mogleg til ein kvar tid.

Mykje tid går med på praktisk jobb på dei ulike avdelingane på anlegget.

– Vi har fleire ulike avdelingar med fisk, på alle desse skal vi halde kar reine, og vi må rydde og vedlikehalde.

Sortere rogn

Atle-Eddie fortel at ein del av jobben er å sortere ut rogn.

Sortering av rogn - røktarane måler størrelsen på rogna på ein slags linjal.
Røktarane måler størrelsen på rogna, og sorterer ho. Foto: Aleksander Slemmen.

– Etter at rogna er befrukta og lagt i klekkjeriet, skal ho ligge urørt til ho blir augerogn. Når ho har komme så langt at ho er robust nok til å bli sortert, går rogna gjennom ein maskin som tar ut all daud rogn.

Sidan vert det også ein del manuell plukking av rogn, fram til dei små fiskane vert satt ut i elva. Plukkinga blir gjort med en pinsett, eller med en slange om det er større mengder.

– Vi legger inn volum og diameter på rogna, og reknar ut kor mange rognkorn vi har som skal bli satt ut til våren. All rogn blir fargemerka slik at vi veit kor ho stammar frå.

Merking av fisk

– Når rogna har klekka og fisken har blitt cirka 4-5 centimeter, flytter vi han over til ei ny avdeling, som vi kallar oppvekstavdelinga. Her er fisken i større kar, slik at han kan vekse seg større, fortel Roy-Inge.

Når fisken har blitt stor nok til å gå inn til den siste avdelinga, den sokalla stamfiskavdelinga, blir dei merka. Dei får ein chip med eit unikt nummer ført inn under huda. Nummeret fortel kva for familie og elv fisken kjem frå. Fisken sin lengde og tyngde vert også registrert.   

– Under chipoperasjonen, er vi på plass alle mann. Ein har ansvar for å registrere på data, ein for å håve og bedøve fisk, ein for å sette chipen i fisken med ei nål og siste mann gjer kara reine.

Når fisken er tilbake i vatnet vaknar dei kjapt til igjen etter bedøvinga. 

Kvar gong fisken skal bli handtert seinare, vert chipen skanna.

– Vi må heile tida ha full kontroll over alle individ, slik at dei ikkje vert miksa med andre elver eller med fisk i for nære familierelasjonar, avsluttar Roy-Inge.

---

Intervjua i denne saka vart gjort tidleg på hausten i 2022