Avsluttar kjemisk behandling av elvane i Drivaregionen

Bilete av fiskesperra ved Snøvassmælan. Her ser vi dosering av klor frå dyser.
Bilete av fiskesperra ved Snøvassmælan. Her ser vi dosering av klor frå dyser. Foto: Lars Kringstad / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Behandlinga av elvane i Drivaregionen er avslutta for denne gong. Behandlinga vert gjentatt neste år til same tid.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.08.2022

Målet for behandlinga er å utrydde lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Det er første gong at kloramin er brukt som hovudkjemikalie for å utrydde Gyrodactylus salaris. Parasitten er ein svært alvorleg trussel for villaksen. Kloramin vart nytta i Driva og Litledalselva, medan rotenon vart brukt i Batnfjordselva, Usma og mindre elvar i nærleiken.

I 14 dagar har elvane blitt behandla med kjemikaliar frå doseringstasjonar, spyling av elvebredder frå båt, og dryppstasjonar eller hagekanner i bekkar. I elver med bruk av rotenon har behandlingstida vore 1-2 dagar. Rundt 100 personar har på det meste vore i aktivitet rundt omkring i elvane.

Det er Veterinærinstituttet som er prosjektleiar for den praktiske gjennomføringa av behandlinga, med NIVA som ansvarleg for klorbehandlinga.

Bevaringstiltak som innsamling av stamfisk frå elvane og flytting av sjøaure forbi sperra i Driva har pågått i fleire år før aksjonen. Det vart og samla inn stamfisk i dagane før behandling i Batnfjordselva, Usma og Skeidsdalselva.

Mattilsynet har pålagt Statsforvaltaren å gjennomføre tiltak for å utrydde parasitten i Drivaregionen. Miljødirektoratet har gitt løyve til behandlinga.

Dei kjemiske tiltaka  i Drivaregionen skal gjentakast neste år på same tid.

Behandling av infiserte vassdrag

  • Gyrodactylus salaris har vore påvist i 51 norske vassdrag og i 17 smitteregionar. Det er så langt gjennomført kjemisk behandling i 43 vassdrag i 15 smitteregionar. 39 vassdrag og 14 smitteregionar er friskmeld, medan fire vassdrag fordelt på 2 smitteregionar er under friskmelding.

  • Mattilsynet har myndigheit til å pålegge kjemisk behandling av infiserte vassdrag. Statsforvaltaren skal sørge for at tiltaket vert gjennomført.

  • Den regionale koordineringsgruppa for Drivaregionen er leia av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Den har og medlemmar frå Miljødirektoratet, Mattilsynet, Veterinærinstituttet, Statsforvaltaren i Trøndelag og Sunndal kommune.

  • Driva er det største vassdraget i Møre og Romsdal, og har utspring i sentrale deler av Dovrefjell. Laksen beveger seg over 85 km, frå Sunndalsøra til Magalaupet i Oppdal.