Tilskot til kommunal jordvernstrategi

Kommunar kan søkje midlar til å utarbeide eigne jordvernstrategiar – frist 30. juni.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.06.2022

Landbruksdirektoratet har lyst ut midlar for utarbeiding av kommunale jordvernstrategiar. Føremålet med å utarbeide kommunale jordvernstrategiar er auka kunnskap om jordbruksareala våre og auka merksemd kring jordvernet i planprosessar. Ein slik strategi kan bidra til meir langsiktigheit i arealplanlegginga ved å gi eit overordna bilde av forholdet mellom utbygging og det å ta vare på jordbruksareala. Målet med strategien er å minske omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord i kommunen.

Vi minner om at fristen for å søke midlar til kommunal jordvernstrategi er 30. juni. Følg lenka for å lese meir om ordninga og for å laste ned søknadsskjema:

Tilskudd til kommunal jordvernstrategi - Landbruksdirektoratet

 

Kontaktpersonar