Sunndal kommune - kandidat til nasjonal jordvernpris

Eitt av tiltaka i nasjonal jordvernstrategi var å etablere ein nasjonal jordvernpris, noko som skal bidra til å auka merksemda om jordvern. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet til å føreslå kandidatar frå Møre og Romsdal. Etter ei samla vurdering har Fylkesmannen føreslått Sunndal kommune som fylkets kandidat.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.03.2019

Regjeringa har utarbeidd ein nasjonal jordvernstrategi, som vart lagt fram for Stortinget i Prop. 127 S (2014-2015) om jordbruksoppgjeret m.m. Eit av tiltaka i jordvernstrategien er å etablere en nasjonal jordvernpris, noko Stortinget har slutta seg til. Ut frå dette har Landbruks- og matdepartementet i samråd med KS utarbeidd statuttar for ein slik pris, jf. vedlegg.

Opprettinga av ein jordvernpris er eit tiltak for å styrke jordvernet. Prisen skal bidra til å auke merksemda om jordvernet, særleg i kommunane og fylkeskommunane, og få fram gode idear og eksempel på tiltak, planar og strategiar, for å ta vare på dyrka mark. Prisen skal delast ut annakvart år til ein kommune eller fylkeskommune, og juryen vil verte leia av landbruks- og matministeren.

Målgruppa for prisen er fylkeskommunar og kommunar, som tar aktive grep i regionale planer og i kommune- og reguleringsplaner. Det kan også vere kommunar og fylkeskommunar som får gode resultat i samarbeid eller partnerskap med andre aktører gjennom planlegging, gjennomføring og praksis. Aktørene kan vere ulike partar innan offentlig politikk og forvaltning, næringsliv eller andre organisasjoner.

Prisen skal framheve og motivere til nyskapande tiltak og planer, som legg godt til rette for at kommunane i mindre grad omdisponerer dyrka mark, og finn gode alternativ i planlegginga.

Etter ei samla vurdering finn Fylkesmannen grunnlag til å foreslå Sunndal kommune som kandidat til nasjonal jordvernpris frå Møre og Romsdal. Utdrag av grunngjevnaden er som følgjer;

- Sunndal kommune har ein høgt kompetent landbruksfagleg administrasjon som er ein viktig premissleverandør og bidragsyter både for politikarar, matprodusentar, landbruksorganisasjonar og ålmenta

- Sunndal kommune har gjennom samarbeid med landbruksnæringa utarbeida ei landbruksplan som skal sette fokus på utfordringar, behov og moglegheiter for næringa i kommunen. Landbruksplana skal vidare vere eit verktøy for å lage gode lokale tiltak som skal bidra til vidareutvikling og fornying av landbruksnæringa. Første plana vart vedteken i 2004, og har vorte rullert to gongar, siste versjon vedteke i kommunestyret 24. oktober 2018.

- Landbruksplana har gjeve tydelege føringar for rullering av kommunenplanens arealdel. Fylkesmannen hadde ingen motsegn til arealbruken jamfør jordvern- og landbruksinteressene ved offentlege ettersyn i 2018.

- Til å vere ein mellomstor kommune i Møre og Romsdal, så er omdisponering og nedbygging av dyrka mark særs liten, og landbrukets næringsareal vert prioritert høgt ved arealbrukskonflikter.