Motorsenter utfordrar jordvernet på Gossen

Kart frå plandokument, Aukra kommune.

Gossen Motorsenter i Aukra kommune vil utvide anlegget sitt, men kjem i konflikt med ei stor dyrka mark på 20 dekar. Statsforvaltaren er interessert i å finne ei løysing for motorsenteret, men vil ikkje godta inngrepet og omfanget som er skissert.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.12.2021

Aukra kommune har tidlegare sendt ut oppstartvarsel for reguleringsplanarbeid med Gossen motorsenter. Inne i forslaget til planområde ligg ei stor dyrka mark som dei ønskjer å etablere køyrebane på.

Alternative forslag

– Vi synes det er uheldig å bygge ned 20 dekar med matproduserande areal. Nydyrking som erstatningstiltak skal alltid vere siste utveg, og skal ikkje brukast som eit argument for å byggje ned matjord, seier direktør Frank Madsøy hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren var på synfaring saman med kommunen 14. oktober. Der blei det diskutert forslag som reduserer tap av dyrka mark, men samstundes gjer at Gossen motorsenter kan utnytte både eksisterande og nytt baneområde betre.

Vil finne ei løysing

– Med utgangspunkt i plandokumenta som kom på offentleg høyring, så meldte Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tilbake at vi ville vurdere å gå imot ei reguleringsplan som ikkje tek nok omsyn til landbruksinteressene. Vi stiller oss likevel positive til vidare dialog for å kome til ei løysing som kan aksepterast av alle partar for å utvide banetilhøva for Gossen motorsenter, seier Frank Madsøy.