Møre og Romsdal når det regionale målet for omdisponering av dyrka jord andre året på rad

For andre året på rad når Møre og Romsdal det regionale jordvernmålet om omdisponering av mindre enn 200 daa dyrka jord. I 2019 vart det vedteke nedbygging av i alt 167 daa dyrka jord til anna formål enn landbruk i Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.06.2020

 

KOSTRA -tallane (kommune-stat-rapportering) for forvaltning av landbruksareal i 2019 er levert frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og syner at både det nasjonale jordvernmålet på 4 000 daa dyrka mark pr år og det regionale jordvernmålet på 200 daa dyrka mark pr år vert nådd. Dette er ei god utvikling, og særs viktig for Noreg, som har lite jordbruksareal samanlikna med mange andre land. Landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad seier at tala er så gode at vi bør vurdere å sette målet enda lågare ved neste korsveg.

Figur 1: Antall dekar omdisponert areal i Møre og Romsdal. (kjelde: SSB)