Medhald i 2 klagesaker – jordvern

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått medhald i 2 klagesaker, ei i Ørsta og ei i Skodje kommune. Begge sakene handlar om bygging av hus nr. 2 på landbrukseigedom. Sakene har viktige, prinsipielle moment, som kommunane i Møre og Romsdal bør leggje til grunn i si handsaming i både dispensasjonsvurdering og vedtak i liknande saker.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.01.2019

Sak 1. Klage på vedtak, Skodje kommune

Ved vurdering av hus nr. 2 på ein landbrukseigedom, så lyt det liggje eit konkret og driftsmessig behov ut frå ressursgrunnlaget til eigedommen. Det må også vurdererast om det er andre alternativ for å byggje hus enn på dyrka mark. Betre utsikt og skjerming frå naboar er ikkje moment som skal vektleggast i ein dispensasjonsvurdering og vedtak.

Sak 2. Klage på vedtak, Ørsta kommune

Det er dei direkte verknadane for landbruket, både generelt og for eit større område på lang sikt og på kortare sikt i den einskilde saka, som i hovudsak skal leggjast til grunn for vurdering av LNF-føremålet. Der det ikkje er naudsynt med bustad nr. 2 for drift av ein landbrukseigedom, skal ein verne jord som kan verte nytta til landbruksføremål ved å ikkje byggje på denne. Og det gjeld sjølv om det er mogleg at bustaden indirekte kan ha føremoner på sikt.

 

Vedtaka frå settefylkesmannen finn du i høgre marg som vedlegg. Fylkesmannen i Møre og Romsdal ber kommunane om å leggje desse momenta til grunn i framtidig sakshandsaming om oppføring av hus nr. 2 på ein landbrukseigedom.