Matjorda si betydning for deg og meg

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Eit sterkt vern av matjorda har kanskje ein større påverknad på samfunnet vårt enn vi tenkjer over til dagleg…

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.10.2021

NIBIO har laga ein rapport «Jordvernets begrunnelser - Kunnskapsgrunnlag for revidert jordvernstrategi». Rapporten er utarbeida som eit kunnskapsgrunnlag for regjeringa sin revisjon av norsk jordvernstrategi, og eit eventuelt forsterka jordvernmål. Rapporten omtalar blant anna koplinga mellom jordvern og berekraft. NIBIO skildrar utfordringar for verdas matproduksjon, arealgrunnlaget for jordbruk i Norge, arealendringar, omfang og utvikling av omdisponering og nydyrking. Med grunnlag i dette, vert det foreslått konkrete grunngjevingar for jordvernet.

Desse er følgjande:

  1. Ingen berekraft utan jordvern
  2. Svekka jordvern utfordrar samfunnstryggleiken
  3. Matsikkerheit og forsyningsbereidskap kvilar på jordvernet
  4. Jordvern sikrar verdiskaping
  5. Jordvern reduserer arealendringar og klimagassutslepp
  6. Jordvern kan dempe flaum
  7. Jordvern kan hindre utbygging i fareområde
  8. Jordvern bevarer biodiversitet og økosystemtenester
  9. Jordvern er vern av landskap, naturmangfald og kulturminne
  10. Jordvern er også vern av byen sitt eige miljø

Desse argumenta for eit sterkare jordvern er nærare skildra i kapitel 4 i rapporten. Det er ein omfattande rapport, men ein særs god kjelde til djupare kunnskap om temaet for alle som arbeidar med arealplanlegging, eller andre som engasjerer seg for jordvernet.