Matjorda får ny bustadsadresse

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

I vegprosjektet E39 Lønset – Hjelset, skal matjorda som ligg i traséen flyttast og dyrkast opp til nytt landbruksareal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.01.2022

Tydelege krav til prosjektet

Både i reguleringsplana, og i konkurransegrunnlaget til hovudentreprenør Bertelsen & Garpestad AS som bygger vegen, er det tydelege krav og føringar for korleis ein skal handtere matjorda på ein god måte. Dette er viktig fordi matjord er bygd opp gjennom tusenvis av år, og inneheld millionar av organismar som arbeider i fellesskap for å produsere mat til oss alle. Matjorda lyt difor handterast mest mogleg skånsamt slik at desse framleis har dei beste vilkåra for eit produktivt livsmiljø.

Fortsatt produksjon av mat på jordressursen

Representantar frå Molde kommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deltok på ei synfaring saman med Statens vegvesen for å sjå nærare på gjennomføringa av prosjektet, og kva for utfordringar flytting av matjorda medfører.

100 dekar dyrka mark går tapt som følgje av vegprosjektet. Med eit stort nydyrkingsfelt, og tilbakeføring av fulldyrka mark inntil vegbana der dette er mogleg, vil tilnærma alt landbruksareal som blir nedbygd, verte erstatta med nytt.

- Vi var klar over at prosjektet var kritisk for jordvernet og vi har prøvd så godt som mogleg at bøndene ikkje vert meir skadelidande enn naudsynt. Målet er at ressursgrunnlaget og matproduksjonen til bøndene samla sett vert oppretthaldt, seier prosjektleiar Halgeir Brudeseth i Statens vegvesen.

 Våt start på prosjektet

Hausten 2021 har til tider vore særs fuktig, og dette har ført til nokre ulemper med omsyn til jordflyttinga, då vassdrukken jord og tunge maskiner er ein uheldig kombinasjon.

- Ut ifrå det inntrykket vi sit igjen med frå synfaringa, så har både entreprenør og byggherre gjort det beste ut i frå rådande tilhøve, seier skogbrukssjef Nils Bjørn Venås i Molde kommune og seniorrådgjevar Tormod Meisingset hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Begge er overtydd om at sluttresultatet vert bra.

- Mykje arbeid står att, men vi har trua på at både jord- og skogbruksnæringa i området vert nøgd når prosjektet er ferdig, fortel Venås.

Vidare oppfølging

- Vi vil følgje opp prosjektet i samarbeid med Statens vegvesen og Molde kommune, for å sjå til at landbruket fortsatt vert teke omsyn til i det vidare arbeidet, avsluttar Tormod Meisingset.

Vegprosjektet vil vere ferdig hausten 2023.

imagetyii7.png

 

imagec42ab.png

 

image4ymmg.png

Kontaktpersonar