Kommunane slit med å handheve driveplikt

Bilde som viser eit areal med grasproduksjon som blir driven. Her med traktor og fôrhaustar.
Driveplikt på Averøy. Foto: Tormod Meisingset.

Dei fleste kommunane manglar ressursar til å følgje opp jordbruksareal som er ute av drift. Ulovlege jordleiekontraktar vert heller ikkje følgd opp slik dei skal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.03.2023

Statsforvaltaren har undersøkt korleis kommunane følgjer opp grunneigar si plikt til å drive jordbruksareal.

Berre 19 prosent av kommunane svarar at dei har følgt opp driveplikta i stor grad dei siste tre åra, medan 50 prosent svarar at dei har følgt opp driveplikta i liten grad. Det er likevel ein positiv trend at fleire kommunar har planer om å følgje opp driveplikta framover, på kort eller lang sikt.

Areal ute av drift

Undersøkinga viser at 58 prosent av kommunane ikkje har følgt opp areal som er ute av drift, eller at dei berre har følgt opp enkeltsaker sporadisk dei siste tre åra. Dei kommunane som avdekker areal ute av drift, varslar sjeldan eller aldri bruk av sanksjonar.

Jordlova krev at alle eigarar av jordbruksareal må sørgje for at denne vert nytta til jordbruksdrift. Eigarar som ikkje vil drive jorda sjølv må leige ho bort. Jordleigekontrakta skal vere skriftleg, ha ein varigheit på minst ti år og vere oppseieleg for grunneigar. Dersom kommunen avdekker brot, kan dei påleggje grunneigar å inngå leigekontrakt som nemnt.

Bilde som viser eit jordbruksareal som blir driven. Her er graset slått og  ligg til tørk.
Driveplikt på Aspøya i Tingvoll kommune. Foto: Tormod Meisingset.

Ulovlege jordleiekontraktar

Undersøkinga viser at 80 prosent av kommunane har kjennskap til ulovlege leigekontraktar. Dette gjeld kontraktar som er inngått for kortare tid enn ti år og der jordbruksareal vert leigd vekk utan skriftleg kontrakt. Likevel handsamar kommunane svært få søknader om fritak frå driveplikta eller følgjer opp ulovlege kontraktar som brot på driveplikta.

Rapport

Resultata frå undersøkinga er samanstilt i ein rapport som du finn ved å trykkje på linken under:

Rapport - kartlegging av kommunenes oppfølging av driveplikten 

Undersøkinga er gjort på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Anna kvart år skal Statsforvaltaren gjennomføre ei temabasert kartlegging innan eigedomslovgivinga med utgangspunkt i tema etter jordlova eller konsesjonslova.