God løysing for landbruket på Haramsfjellet

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

I gjennomføringa av Haram vindkraftverk har 15 dekar dyrka mark blitt nedbygd. Dette er berre halvparten av kva som var planlagt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.11.2021

Grunneigarlaget og matprodusentane på Haramsfjellet har saman med entreprenørfirmaet Stangeland Maskin funnet betre løysingar for tilkomstvegar til vindmøllene enn det som var skissert. På den måten har dei både redusert nedbygging av dyrka mark frå 30 dekar til ca. 15 dekar, og hindra unødige oppdelingar av landbruksareal.

Tilbakeføring av dyrka mark og god driftsveg

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vart invitert med som observatørar då NVE gjennomførte tilsyn med Haram Vindkraftverk 29. september 2021.

– Vi kunne sjå at dyrka mark vart ført tilbake, og at matprodusentane har fått ein særs god driftsveg til teigane sine, fortel seniorrådgivar Tormod Meisingset.

Han fortel at inntrykket og tilbakemelding frå grunneigarrepresentanten var at landbruksinteressene har vorte teke omsyn til så godt det let seg gjere, og at næringa var nøgd med sjølve gjennomføringa av prosjektet.

 

blobid0.jpg

 

blobid1.jpg

 

image2lwas.png

 

blobid2.jpg

 

 

 

 

 

Kontaktpersonar