Avgjerd i motsegnsak – kommuneplan for tidlegare Volda kommune

Bilde frå Egset
Bilde frå Egset Foto: Google street view.

Kommunal – og distriktsdepartementet gir Statsforvaltaren delvis medhald i motsegn til kommunedelplan i Volda kommune. 39 dekar fulldyrka jord av stor verdi blir såleis ikkje sett av til bustad- og næringsareal. Eit 200 dekar stort område med skogsmark og myr blir heller ikkje sett av til næringsareal. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.03.2022

Statsforvaltaren fremja i 2019 motsegn mot delar av framlegg til ny kommuneplan (kommunedelplan etter kommunesamanslåing med Hornindal) for Volda kommune. Etter fleire runder med dialog og mekling som ikkje førte fram, er planen no handsama i Kommunal- og distriktsdepartementet. Departementet ga Statsforvaltaren medhald i motsegn til utbygging av 12 dekar fulldyrka jord på Egset og om lag 27 dekar fulldyrka jord ved Furene, der motsegngrunnlaget var jordvern.

Departementet ga også Statsforvaltaren medhald i mesteparten av arealet det var fremja motsegn til på Timbreåsen og Morkaåsen, eit om lag 200 dekar stort areal som er ein del av eit større, samanhengande natur- og friluftsområde. Dette området bind saman viktige funksjonsområde og er korridor for sesongtrekk til hjort mellom sjø og innland. I tillegg er det ein del av eit viktig funksjonsområde for artar av hakkespett og rovfugl, og omfattar også eit større myrareal. Området fungerer som eit populært nærfriluftsområde for lokalbefolkninga, og er mykje brukt av skular og barnehagar.