Nytt arealbarometer for Møre og Romsdal

Så mykje som 92 prosent av verdiskapinga i jordbruket i Møre og Romsdal kjem frå mjølk, storfe, sau og geit. Nesten alt jordbruksareal i fylket er i bruk til gras.  Det viser arealbarometeret til Norsk institutt for bioøkonomi.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.10.2017

Store utmarksbeite er og ein viktig del av ressursgrunnlaget. Barometeret viser at fylket har 656 300 dekar jordbruksareal. Det er knappe fem prosent av samla landareal i fylket.

Grasbaserte husdyrproduksjonar som mjølk, storfekjøt, sau og geit står for 91 prosent av omsetninga, 92 prosent av verdiskapinga og 93 prosent av sysselsettinga i jordbruket.

Ti prosent av kumjølkkvoten og 14 prosent av geitemjølkkvoten i Noreg er samla i fylket. Møre og Romsdal er det tredje største geitefylket i landet.

For enkelte kommunar er også andre produksjonar svært viktige. 50 prosent av Noregs industrijordbær kjem frå Norddal kommune som har 53 prosent av jordbærarealet i Møre og Romsdal på 1070 dekar. Norddal kommune har verdas nordlegaste yrkesfruktdyrking, og er dominerande på frukt i fylket.

Tre fjerdedelar av potetarealet i fylket, knappe 1 400 dekar, ligg i Sunndal kommune. Der har det vakse fram eit miljø rundt potetdyrking og merkevaren Sunndalspotet. Samla potetareal i fylket utmerker seg ikkje i storleik. Likevel var Møre og Romsdal blant dei fylka i Noreg som hadde høgast avling per dekar i 2016, med 2 756 tonn.