Kommunedelplan Hjelset – Molde kommune – god plan for jordvernet

Fylkesmannen er veldig godt nøgd med at Molde kommune har prioritert jordvernet i kommunedelplanen, der dei aller fleste innspela er avvist med omsyn til vern av matproduserande areal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.10.2016

Det viser at kommunen har teke nasjonale føringar til etterretning der landbruksareal skal brukast til matproduksjon. Vi vil også gi kommunen ros for å ha vektlagt dyrkbar jord med same verdi som dyrka jord.

I planområdet er det fleire større, samanhengande landbruksområde, som er av både lokal og regional verdi. Fylkesmannen etterspør ei landbruksfagleg vurdering frå kommunen på område som kunne ha fått enda sterkare føringar. Dette kan hindre framtidig omdisponering av matjord, ved at dei vert vist som omssynssone landbruk i plankartet, med påfølgjande føresegner og retningslinjer. Dette ville gitt landbruksnæringa enda sikrare rammevilkår og ei meir langsiktig arealforvaltning.