Jordvern Møre og Romsdal

Møre og Romsdal har fått sin første Jordvernforening, då denne vart skipa under stiftingsmøte på Gjermundnes 15. februar 2016. Målet er å samle ei brei forståing og støtte for eit sterkt jordvern i Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.02.2016

Bakgrunn for stiftinga av Jordvern Møre og Romsdal var at matjorda i fylket vårt stadig vert sett under eit aukande press for nedbygging.

Foreininga er ein partipolitisk uavhengig organisasjon, som vil drive målretta informasjonsarbeid mot media, politikarane og opinionen, for å hindre omdisponering av matjord. Møre og Romsdal Bondelag var initiativtakar til stiftinga, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal og leiaren av Jordvern Vestfold heldt blant anna innlegg på møtet, som hadde 25 deltakarar.

Les meir om stiftinga av Jordvernforeininga på Møre og Romsdal Bondelag si nettside