Hjelpeskjema for innrapportering til KOSTRA – omdisponering av landbruksareal

Her får kommunane førsteklasses hjelp til arbeidet med å halde oversikt over omdisponering av landbruksareal. Bruk hjelpemiddelet etter kvart gjennom heile året, så vil oppsummeringa ved slutten av året og rapporteringa til KOSTRA bli ein leik.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.01.2017

Kommunane sine vedtak om omdisponering av landbruksareal etter plan- og bygningslova og jordlova, samt saksbehandling etter jord- og konsesjonslova, skal rapporterast via KOSTRA. For å lette arbeidet med rapporteringa, har Landbruksdirektoratet utarbeida eit hjelpeskjema i Excel-format til bruk for løpande føring av handsama saker etter jordlov og konsesjonslov, og kva som vert utfallet av desse sakene. Hjelpeskjemaet har også ei fane for omdisponert areal frå reguleringsplanar etter plan- og bygningslova.

Dersom kommunane nyttar dette hjelpeskjemaet løpande gjennom hele 2017, vil arbeidet med den årlege rapporteringa på dette området verte enklare, enn dersom dei aktuelle sakene må hentast ut frå arkivet på slutten av året.

Bruken av dette hjelpeskjemaet er frivillig for kommunane, men vi tilrår at kommunane tek det i aktiv bruk. Kvaliteten på dei innrapporterte opplysningane kan bli betre, og skjemaet vil redusere arbeidsbyrda for kommunane ved rapporteringstidspunktet 15. februar 2018.

Informasjonen frå skjemaet skal blant anna gje opplysningar om korleis jordvernet vert praktisert, og vil verte brukt av regionale og sentrale myndigheiter i arealpolitikken.

Opplysningane om særlovene vert brukte for å følgje utviklinga innan eigedoms- og busettingspolitikken.

Det er kommunane sine vedtak i enkeltsaker etter jordlova og konsesjonslova som skal rapporterast. Alle kommunane sine vedtak i rapporteringsåret skal takast med, inkludert vedtak som er påklaga til Fylkesmannen.